[NUUG kart] Leikeplassar i Bergen

Karl Ove Hufthammer karl at huftis.org
Mon Mar 18 18:25:44 CET 2013


fr. den 15. 03. 2013 klokka 22.56 (+0100) skreiv Karl Ove Hufthammer:
> Har planar om å importera desse ganske snart. Meir info på
> 
> http://wiki.openstreetmap.org/wiki/Tag:source%
> 3Dhttp://data.norge.no/data/lekeplasser-i-bergen-kommune

Har no importert desse:
http://www.openstreetmap.org/browse/changeset/15409958

Innsendinga gjaldt 123 nye og 14 endra objekt.
Gjekk manuelt (via conflation-tillegget til JOSM)
gjennom alle leikeplassane i datasettet, og enten
slo saman eller la til. Nokre plassar trengte òg
litt ekstra redigering.

Det var tre objekt eg var litt usikre på:

  Bønesparken
  Stemmeveien lekeplass
  Bendixens vei parkanlegg

Desse låg inne som leisure=pitch i OSM. Ser ut til at dei
er reine fotballbanar, utan anna leikeutstyr. Eg lot dei
derfor vera som leisure=pitch, men la til den andre infoen
frå kommunedatasettet (namn + ID).

Er òg usikker på «Kråkenes miljøpark». Det ser ut som ein 
rein ballbinge, men det låg ingenting inne på OSM frå før. 
Eg importerte derfor denne på same måte som dei andre, altså
som leisure=playground. Fint om nokon som har mulegheit til
det kan besøka denne og ev. forbetra.

Er for øvrig positivt overraska over kor mange kommunale
leikeplassar det faktisk finst i Bergen. :)

-- 
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: karl at huftis.org



More information about the kart mailing list