[NUUG kart] Vegdata fra kartverket
Karl Ove Hufthammer
karl at huftis.org
Fri Aug 8 17:41:55 CEST 2014
fr. den 08. 08. 2014 klokka 17.12 (+0200) skreiv Tor:
> > Forstår ikkje heilt kva som er meint, men det har noko med at ein
> kan
> > kopiera adresser til fleire objekt. Det vil jo føra til
> > duplikatadresser, noko som er *veldig* upraktisk, for eksempel ved
> søk
> > (eks. du vel «Storgata 32» i navigasjons-
> > programmet, og får spørsmålet «Meiner du Storgata 32, Storgata 32
> eller
> > Storgata 32?», der alle vala fører til punkt som ligg nokre meter
> frå
> > kvarandre.
>
> Det har blitt foreslått å bruke contact: istedenfor addr: på butikker,
> kontorer osv.:
> http://lists.nuug.no/pipermail/kart/2014-July/004722.html
Hørest ut som ei grei løysing. Så då gjer me slik:
Fjernar addr:* (utanom addr:housename) på alle bygningar, nodar og
vegar, utanom:
Viss addr:* er på ein butikk e.l., endra til contact:*
(dersom verdiane er riktige).
Legg til addr:* frå Elveg som *nodar*, som ikkje er kopla til verken
linjer eller areal/bygningar.
Har sett kjapt gjennom den nedlastbare adressefila for Bergen. Er to
ting som må fiksast:
Er ein del doble apostrofar, eks.
Vilhelm Bjerknes' vei
Både ' og '' bør endrast til ekte apostrof: ’
(Ctrl + Shift + B på norsk Linux-tastatur.)
Det er mellomrom mellom initialane i nokre
initialnamn, eks.:
C. J. Hambros vei
Må endrast til:
C.J. Hambros vei
(Som nemnt tidlegare, har eg kontakta Språkrådet ang. dette, og dei
stadfesta at det var skrivemåten *utan* mellomrom som var den einaste
rette, og at dette også gjeld vegnamn.)
Og så bør ein vel unngå å importera adresser langt nord, der det finst
samiske namn, då desse inneheldt ein del tekniske feil.
Og kvar person som importerer bør sjå kjapt gjennom verdiane til
addr:city og addr:street (går raskt om ein tar for eksempel ein «sort
-u» for berre å visa unike verdiar) for å sjå etter feil.
--
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: karl at huftis.org
More information about the kart
mailing list