[NUUG kart] Elveg oppdatering?

N/A N/A gazer2175 at hotmail.com
Sun Jun 11 22:21:49 CEST 2017


Hei,


Veit ikkje om alle på lista har fått med seg at Entur har fått i oppdrag frå Samferdsledepartementet å lage ei felles løysing for kollektiv transport i Norge.
Dei skal bruke OpenTripPlanner for å rute mellom stopp, og OTP brukar jo OSM data.
Vi brukar mykje Elveg data for dette, faktisk ein del vegar med stopp som manglar, men dei filene som er ferdig genererte er over eit år gamle no og kunne trenge ei oppdatering.

Eg etterlyser difor Geir Ove Myhr som laga desse filene :)

Kunne vi fått oppdaterte filer?

Eg kan godt konvertere, men har liten peiling på linux.
Ein automatisering slik tibnor laga til meg for N50 vil fungere fint.
Køyrer det i Ubuntu VM og brukar shell scripts tibnor har laga til å automatisk generere N50 filene.

mvh
Jan T

"Gazer75"
-------------- next part --------------
An HTML attachment was scrubbed...
URL: https://lists.nuug.no/pipermail/kart/attachments/20170611/4cd3c384/attachment.htm 


More information about the kart mailing list