[NUUG video] Låning av utstyret til NUUG

Odin Omdal Hørthe odin.omdal at gmail.com
Sun Apr 19 23:23:11 CEST 2009


2009/4/19 Morten Kjelkenes <morten at kjelkenes.net>:
> Jeg kan ikke se noen grunner til at en som er aktiv i gruppa ikke skulle
> kunne låne utstyr.
>
> Dersom noen har noen innsigelser så får vi diksutere dette, men vi har
> allerede snakket litt om det.  Og da var det min oppfatning at dette er
> mulig.
>
> Praktiske detaljer bør gåes opp.

Ja, me burde òg få ei skikkeleg lista yver kva me eig no. Sidan det er
ganske mykje småting rundtomkring no i alle boksane. Skikkeleg mykje.

Dessutan må me finna ut kva type leigekontrakt me skal bruka. Nokon må
stå andsvarleg for utstyret, -- og eg er ikkje heilt sikker på um
videogruppa skal gjera det for ting som videogruppa ikkje gjer sjølv.

Eg kann òg vera interessert i å låna nokre småting, sidan det eg hadde
hev eg ikkje lengre. Men sidan eg er smerteleg klar yver at ting
/kann/ forsvinna so er det viktugt å hava avtale der leigar hev full
erstatningsplikt. Det kjem nok aldri til å vera eit problem, men ein
avtale gjer alt so mykje enklare for alle saman.

Eg skal på landsmøtet i Noregs Mållag, og hev lyst å forbetra
uppsettet og få endå meir stabile/gjennomtesta dvswitch-maskiner so eg
tilbaud meg å gjera ein vanleg dvswitch-produksjon. Men det er langt
frå sikkert dei segjer ja, eg trur ikkje landsmøtet er noko særleg
interessant for andre enn dei som er der, men det var meint meir som
endå ein test for meg utan nokon større krav den eine elder den andre
vegen.

-- 
Beste helsing,
Odin Hørthe Omdal <odin.omdal at gmail.com>
http://www.velmont.net


More information about the video mailing list