[NUUG video] Lån av utstyr fom. torsdag-sundag.

Odin Omdal Hørthe odin.omdal at gmail.com
Wed Apr 22 14:46:30 CEST 2009


Hei,

eg skal på landsmøtet til Noregs Mållag no i helgi. Tenkte eg kunne
spyrja um eg fekk testa videostream der. Mest for å testa uppsettet
hos nokon som ikkje krevjer like mykje som NTEU (+ at eg sjølvsagt
slepp deltakarpengar, hoho).

Det er ein del eg manglar nett no, og lurte på um eg kunne få låna det
av videogruppa, dette er lista:

- 2x 25m nettverkskabel
- 1x scanconverter
- 1x dvsource-pc (den kann eg alltids finna sjølv)
- 1x 1gbit switch
- 1x DV-kamera (eg hev berre 1 sjølv no, etter NTEU sitt + mitt
primære vart stole)
- 1x 4-4 firewire (lang, viss det finst)
- 1x 4-6 firewire

Eg hev lang tid på å rigga dette, -- so eg skal prøva å få noko solid upp.

So, dette vert den fyrste konkrete låne-situasjonen. Kvar startar me?
-- 
Beste helsing,
Odin Hørthe Omdal <odin.omdal at gmail.com>
http://www.velmont.net


More information about the video mailing list