[NUUG video] Kort test av ffmpeg -f x11grab og dvswitch, kjørende på samme laptop (URL til video)

Odin Omdal Hørthe odin.omdal at gmail.com
Fri Mar 6 08:55:42 CET 2009


2009/3/6 Herman Robak <herman at skolelinux.no>:
> On Fri, 06 Mar 2009 08:00:14 +0100, Herman Robak <herman at skolelinux.no> wrote:
> Men...  dvswitch skrev veldig, veldig mange linjer med dette:
>
> WARN: Repeating frame due to empty queue for source 1
>
> ...og jeg skulle likt å vite hva som skjer på TCP-nivå om dette
> går over nettet, og ikke lokalt på samme maskin.  Jeg har en
> mistanke om at det kan være mye støy og stress for CPU-er, NICs
> og switcher ...

På onsdag brukte eg ein heil arbeidsdag på å setja upp DVswitch med
tvo kamera og X11 screengrab.

Det gjekk veldig dårleg i byrjingi, som ikkje var yverraskande iom. at
eg berre brukte det trådlause netet (:P). Etter det sette eg upp eit
eige kabla net (100mbit switch, Nei til EU hev ikkje meir), då gjekk
alt smooth.

Eg brukar heilt nye, kraftige Core 2 Duo-bærbare på båe punkter. Eg må
få inn ein tredje bærbar òg (eg hev ikkje fleire heilt nye maskiner
att, so eg må bruka noko litt eldre) for det andre kameraet. Nett no
brukte eg berre presentasjonsmaskini til det andre kamera.

Men, eg tenkte, viss du hev ei dårleg maskin og ei god, so kann me jo
bruka XDMCP (er det teknologien?) og senda X11-sesjonen yver kablane
og so grabba og transkoda han på den kraftige dvswitch-maskini. Då
vert det a) mykje mindre nettverkstrafikk, b) mindre last på
presentasjonspc. (og sjølvsagt c) større på dvswitch).

Alt dette set eg upp til landskonferansen til NTEU, der eit par
lokallag skal leiga eit lokale og fylgja konferansen på storskjerm for
dei som ikkje gidd reisa til Oslo for ein dag. (Og folk kann sjølvsagt
sjå heimefrå òg - men spyrst kor mange det vert ;-)).

Eg skal sjå på det sjølv. Verd å nemna at ingen av pcane eg brukar
stressar CPU i det heile teke.

Og forresten fær båe tvo trådlaust internett, medan dei berre brukar
det kabla til DVswitch. Det *er* den beste måten i mine auge. Det er
*ingen* problem å routa det upp korrekt, det er verkeleg superenkelt,
so eg råder å gjera det same for GoOpen.

Halda dei kabla linene våre fri for tull og tøys (internett), og
helder passa på at dei tóler den rå videoen.
-- 
Beste helsing,
Odin Hørthe Omdal <odin.omdal at gmail.com>
http://www.velmont.net


More information about the video mailing list