[NUUG video] Innspill til NRK ang. fremtidens nett-tv

Odin Omdal Hørthe odin.omdal at gmail.com
Wed May 20 16:56:16 CEST 2009


2009/5/20 Nils-Anders Nøttseter <nils-anders at nottseter.no>:
> I forhold til codec; er H.264 åpent nok, eller er det bare ogg/theora-
> type formater som er akseptabelt i et frihets-/åpenhetsperspektiv?

Med tanke på kodek so vil h264 krevja betaling for bruk etter 2010
(viss eg hugsar rett).

> Når det gjelder Theora, så ser det ut til at det rett og slett er
> foreldet i forhold til hva man får av kvalitet per bitrate. I
> hvertfall når man går opp i bitrate mot HD. Theora er såvidt jeg vet
> designet mest for lave bitrater, og den tilhører 'forrige generasjon'
> codec'er.

Nei. Diverre saug gamle Theora noko heilt ekstremt, av di enkoderen
var råtten og ingen jobba på han. Dei fekk plutseleg pengar, og
Firefox 3.5 kjem med Theora-støtte rett i netlesaren.
Dei er framleis ikkje ferdige med å fiksa Theora-enkoderen, men det er
digre framskritt att. So theora er langt frå dårleg.

http://web.mit.edu/xiphmont/Public/theora/demo7.html

Likevel er det wavelet som er det nye hotte, og kjem til å vera
framtidi. Likevel hev me framleis MP3 trass i at mykje betre format
finst. Theora kjem til å verta god nok til det meste, sjølv um high
end helder vil fyretrekkja Dirac.

> Hva med Dirac? Er det noen som har testet dette for streaming? Den er
> jo helt åpen, og skal visstnok kunne ha bedre kvalitet enn H.264.

Få som brukar dirac framleis. Den krevjer mykje CPU for å enkoda (viss
eg hev forstått rett). Dessutan jobbar dei nett no med å gjera han
SNØGG, so båe dekoding og enkoding er ikkje so bra som det kann verta.
Faktisk vert folk skuffa, men det er lite problem, for det vert fiksa.

Dirac Pro finst det mykje hardware for som BBC hev brukt i *heile*
produksjonslina si til Bejing-OL. So Dirac Pro er i utstrakt bruk
allereide, men mest i hardware.

> Jeg har fått opplyst at NUUG bruker icecast+ogg+theora/vorbis for live
> streaming. Hvordan er erfaringene med dette? Vil det la seg gjøre å
> bytte til ogg+dirac for å få en nyere åpen codec med høyere kvalitet?

Når Firefox 3.5 kjem ut vert det ekstremt enkelt å streama video til
farfar, dei treng ikkje ein einaste plugin for å kunna «hooka» seg på
ein live ogg-straum (etter det eg hev forstått).

So framtidi ser ljos ut. Opera, Chrome og Safari vil truleg stø det
same, so då er det berre MSIE att. Eg pratar ikkje um eit system for
NRK no, men for alle oss andre (NUUG, Nei til EU, osb) vil det gjera
streaming superenkelt. Eg synast ikkje det er gale å krevja at folk
brukar skikkelege netlesarar på ein slik måte.

Det vil kannhenda sparka Microsoft i rompa òg, - hadde vore kult um
NRK gjekk for ei slik løysing -- og hadde sagt «legg inn Firefox,
Opera elder Chrome for å sjå net-tv». Talet på brukarar med gode
netlesarar i vêret, og Microsoft med auka press på å stø det same :)
-- 
Beste helsing,
Odin Hørthe Omdal <odin.omdal at gmail.com>
http://velmont.no


More information about the video mailing list