[NUUG video] Lån av utstyr

Odin Omdal Hørthe odin.omdal at gmail.com
Tue Nov 17 02:07:30 CET 2009


Hei,

eg skulle gjerne - viss det er mogleg (ikkje yverlappar med noko anna)
- lånt noko av NUUG sitt videoutstyr til landsmøte i NTEU 26.-29.
november.

Eg hev litt høgare ambisjonar denne gongen; og vil prøva 5
videokjelder. Tvo kamera, tvo datamaskinkjelder (taleliste, og
prosjektor-PC) pluss aktiv bruk av videotitlar. Videotittelsystemet er
ganske knotete, so eg må vel kannhenda skriva eit par småskript for å
automatisera ein del av lagingi av dei. :-)

Dessutan er eg ikkje åleine denne gongen, for eg hev ein til å hjelpa
meg. Men hev klart 2 kamera, 1 prosjektorpc og videotitlar åleine
fyrr, vart ganske stress men det gjekk.
-- 
Beste helsing,
Odin Hørthe Omdal <odin.omdal at gmail.com>
http://velmont.no


More information about the video mailing list