[NUUG video] streaming

Odin Omdal Hørthe odin.omdal at gmail.com
Thu Jan 14 13:31:48 CET 2010


2010/1/14 Petter Reinholdtsen <pere at hungry.com>:
> [Keld Jørn Simonsen]
>> Ska gjerne vite hvordan streaming teknisk er satt opp.
>> Hva programvare brukes?
>
> Frikanalens oppsett finner du omtalt på
> <URL: http://www.nuug.no/aktiviteter/20091013-frikanalen/ >.
>
> Jeg mistenker dog at du egentlig lurer på hvordan NUUG-streamingen
> fungerer, og det vet visst kun Ole Kristian. :/ Det brukes icecast
> streaming server, tror jeg, men det er alt jeg vet.
>

Nei-nei, eg veit òg.

Kva deler lurer du på? I all hovudsak er det heile veldig enkelt:

dvswitch fær inn videosignal frå forskjellege dvsources på eit netverk.
dvswitch sender ut ut til ein dvsink.
Den dv-straumen frå dvswitch køyrer me inn i ffmpeg2theora som me
piper vidare inn i oggfwd som sender ogg-straumen til ein
icecast2-server.

Icecast var ekstremt enkelt å setja upp, berre installer, set eit
passord og du er "good to go".

Frå der er det berre å kopla til straumen, eg hev gjort det på tvo
måtar; gje folk direkte-url, pluss bruka video-elementet til html5.

<video src="http://streamingserver:8001/din_film.ogv">

Og det er alt! Det er veldig enkelt, eg hev sett det upp sjølv mange gongar.

Eg hugsar ikkje kommandoane i hovudet (eg plar berre slå dei upp, evt
bruka ferdiglagde skript), men det er noko slik som (for
1-kamera-produksjon):


# start dvswitch
dvswitch

# Opna ei ny fane i terminalen
# legg til ei firewire-videokjelde
dvsource-firewire

# Opna endå ei fane i terminalen
dvsink-command ffmpeg2theora | oggfwd streamingserver.com 8001
din_film.ogv passordetditt



Hev du då sett upp ein icecast-server på streamingserver.com so er det
alt du treng. :-)
-- 
Beste helsing,
Odin Hørthe Omdal <odin.omdal at gmail.com>
http://velmont.no


More information about the video mailing list