[NUUG video] Hjelp med streaming ved Det Norske Studentersamfund

Odin odin.omdal at gmail.com
Fri May 13 16:02:00 CEST 2011


[orsak dobbelpost, trudde eg trykte «svar til alle» for å få med
videogruppa, men tydelegvis ikkje]

2011/5/13 Christian Odin Alme <c.o.alme at usit.uio.no>:
> Vi har jobbet en del med å få en anstendig stream med ffmpeg og ffserver
> men aldri blitt helt fornøyd med reslutatet. Alltid blitt veldig kornete
> og smått. Har du/dere noen kjennskap til FF* og kan gi oss noen hint,
> tips og tricks hadde vi satt veldig stor pris på dette.

Eg brukar Theora nett no sjølv, og kann alltids testa ut VP8 ved
kraftigare maskin. Eg har testa alle friprog streamingløysingane eg
fann for to år sidan. Eg fann ut at Icecast var ein uovertruffen
vinnar. Eg brukte mykje tid på Darwin Streaming Server, av di eg heldt
meg til kravspekken om h264 ganske lengje. Det var altso ikkje
«politikk» som avgjorde at det vart Theora og Icecast på den førre
arbeidsplassen min, det var berre den best fungerande løysinga. Men
det er utvilsomt ein ekstrem fyremon å bruka Theora (eller VP8)
framfyre usikre h264.

ffserver var berre skikkeleg dårleg.
Darwin Streaming Server fungerte på ein måte.
VLC og videolan server var òg ganske knotete, men fungerte til slutt.
Fluendo streaming server hugsar eg ikkje ein gong, eg var mykje inne
på netsidene deira, men eg klarar ikkje hugsa korleis det fungerte.
Icecast fungerte rett ut av boksen og var enkel å setja opp - og i
tillegg botnsolid. Har aldri hatt noko problem med han so lengje eg
hev brukt han.

Eg har skrive eit eige program i Python som brukar gstreamer til
komponera ulike element inn i videoen, komprimera det og senda det til
Icecast.


Viss de vil gjera som NHH her i Bergen, og ha livestream av kva som
skjer «inne i hovudrommet» ut på skjermar i lobbyen, so vil eg råda
dykk til å høyra med TG-teamet. Dei jobba med VLC og x264 for å få til
ei imponerande løysing med ekstremt låg latens.

> Om du ønsker info om oppsett, konfig, maskinvare, båndbredde, etc er det
> bare å spørre

Ja, gjerne. :-)

--
Beste helsing,
Odin Hørthe Omdal <odin.omdal at gmail.com>
http://velmont.no



-- 
Beste helsing,
Odin Hørthe Omdal <odin.omdal at gmail.com>
http://velmont.no


More information about the video mailing list