[NUUG video] Innkjøp av utstyr

Odin odin.omdal at gmail.com
Fri Oct 21 20:10:38 CEST 2011


2011/10/21 Salve J Nilsen <sjn at nuug.no>:
> Mener å huske at Noen[TM] en gang snakket om å ha en video-løsning som ikke
> krevde spesial-hardware... (Husker jeg feil nå?)

Ja, eg pratar om det heile tidi sjølv. Det er viktugt og bra. Eg prata
mest teoretisk her. Men dersom noko hardware er billeg og bra, so er
det då nesten like «tilgjengeleg» som vanleg, kraftig datamaskin.

Dessutan brukar me nett no den fælt dyre canopusen, -- nett der
ynskjer eg eigentleg å gå yver til noko anna som t.d. Epiphan sin
VGA2USB. Problemet er berre at dei tullingane (for det må dei vera!)
ikkje vil frigje den elendige drivaren sin til Linux. Du må installera
ein proprietær modul for at det skal fungera! Går det an! For noko so
sjukt enkelt som å flytta nokre bits frå noko hardware! Det er heilt
bak mål.

Same kva, -- eg hadde ein kamerat som ville hjelpa meg med å sjå på å
få laga ein fri drivar til han, -- men eg har ikkje turt å betala
2500kr privat for å få den der vga2usb-boksen. Fristar då...


Ny maskinvare (typ i7 sandybridge) hev jo DSP, -- det er sikkert
mogleg å dytta noko hardware akselerert WEBM eller Theora encoding på
dei. Det hadde vore noko :-)
-- 
Beste helsing,
Odin Hørthe Omdal <odin.omdal at gmail.com>
English, technical: http://tech.velmont.net
Norsk, personleg: http://velmont.no


More information about the video mailing list