[NUUG video] Video-gründer i Oslo?

Odin odin.omdal at gmail.com
Tue Sep 27 21:21:00 CEST 2011


2011/9/27 Hans-Petter Fjeld <atluxity at 1kb.no>:
> Jeg pratet med Odin i dag, [...]

Etter mine to år som frilans videostreamer har eg fått ein heil del
kundeforhold. No etter eg flytta til Oslo so har det eksplodert. Mange
av dei eg tidlegare har teke oppdrag for har i sommarferien tilrådd
meg vidare og vidare, slik at stadig fleire avdelingar i Staten(tm)
gjerne vil senda seminara sine på nett.

Eg har invistert masse tid i det, men hadde til slutt lyst til å prøva
noko nytt, iom. at eg berre fekk nok pengar til å leva av (og ikkje
til å t.d. kjøpa bustad eller spara). Difor fekk eg meg fast jobb for
ei veke sidan. Noko eg bestemte meg for før eg flytta til Oslo og det
tydeleg viste seg at det var mange fleire ekstra kundar som ville
bruka meg her.

Det er vel ikkje nokon andre som driv med dette her fritt, opent og
kommersielt - so den eine i Noreg forsvann no. Eg har ingen andre å
visa til (utanom dei dyre, proprietære folka); so viss nokon har høve
til å gjera slikt, so kann eg alltids visa folk vidare. :-)

-- 
Beste helsing,
Odin Hørthe Omdal <odin.omdal at gmail.com>
English, technical: http://tech.velmont.net
Norsk, personleg: http://velmont.no


More information about the video mailing list