[NUUG video] Oppgradering av NUUG sitt videorigg til HD

Odin Hørthe Omdal odin.omdal at gmail.com
Thu Apr 14 11:46:47 CEST 2016


2016-04-14 1:36 GMT+02:00 David Noble <davidwnoble at gmail.com>:
> Etter noe planlegging har jeg kommet opp med en utkast på hvordan vi
> kan få NUUG sine videoinnhold laget i HD; da dagens løsning basert på
> DVSwitch har begrensninger på brukervennlighet, bildekvalitet og
> pålitelighet.
>
> Forslaget ligger på NUUG sin wiki her: http://wiki.nuug.no/grupper/video/rig
>
> Jeg har prøvd å gjenbruke så mye som mulig av utstyret som brukes i dag.
>
> Jeg ser frem til å høre deres tilbakemeldinger på dette!


Kjempegreier! :)

Bra å få fiksa opp i dette.  Noko eg synast er viktig er vekt, og kor
enkelt/kjapt utstyret er å setja opp.  Altso, kor mange deler det er
totalt sett.  Det vert jo ein god del verre i dette framlegget.  Eg
forstår at hardware er kjekt og kult og enkelt og fungerer ofte betre
enn softwareløysingar, men finst òg software-løysingar som er mykje
meir stabile (og enkle) enn DVSwitch.

I dag finst OBS (open broadcasting studio) for Linux, som er veldig
fleksibel og kan laga frykteleg gode og fine oppsett for strauming og
opptak.  Bruker det sjølv i kofferten min.  Det er veldig mykje meir
stabilt enn DVSwitch, og tòler fint at noko vert fråkopla og so kopla
på att.  Elles har Sesse laga Nageru som òg hadde vore grei å sjekka
https://nageru.sesse.net/.  Med software-løysing so må me ha med ein
måte å få inn HD-SDI-signal, der kan blackmagic-kort brukast.  I
staden for å kjøpa fleire Mini Recorder som eg har gjort kan sikkert
ein DeckLink med fleire portar vera nok.  Må likevel få inn signal frå
prosjektoren på ein måte, og det er nok enklast med HDMI.  Det beste
der hadde vel truleg vore å sendt gjennom ein HDMI-splitter, og so ut
til ein HDMI-til-SDI-converter (ser at du har putta ein slik opp for
hardware-løysinga uansett).

Kanhenda ikkje noko for NUUG som har pengar til skaffa seg hardware,
og ikkje treng ha små alt-i-eitt-løysingar.  Men for mitt bruk hadde
iallfall eg heller sett på ei software-basert løysing enn å gå for
sopass mykje hardware. ^_^
-- 
Beste helsing,
Odin Hørthe Omdal <odin.omdal at gmail.com>
English, technical: http://tech.velmont.net
Norsk, personleg: http://velmont.no


More information about the video mailing list