[NUUG video] Oppsett for strømming av foredrag med ok bruksvilkår og fri progravmare?

Odin Hørthe Omdal odin.omdal at gmail.com
Thu May 28 15:39:10 CEST 2020


Det Debian gjer med Jitsi ser ganske likt ut som det eg var med på for
Syklistforeningen sin digitale konferanse på tysdag. Berre med Whereby i
staden for Jitsi.

Me brukte OBS (open broadcast studio, friprog) for å
køyra direkte-sendinga, då kunne me ta inn folk frå Whereby og ha verten
til å stilla spørsmål og halda tak i showet. Men sjølve presentasjonene var
i all hovudsak innspelt på førehand til konferansen, medan spørsmål-og-svar
i etterkant var direkte.

Det fungerte eigentleg veldig bra. Utanom at to av dei fem datamaskinene me
brukte kræsja. Ein på Linux (der kræsja GPU) og ein på Windows (der kræsja
hardware h264-enkoderen OBS brukte). Me hadde køyrd full test dagen før,
men spelte ikkje av alle foredraga, og gjorde ganske forenkla produksjon
som eg reknar med var grunnen til at me ikkje fekk noko problem på
teste-dagen.

Odin

On Thu, 28 May 2020 at 00:23, Petter Reinholdtsen <pere at hungry.com> wrote:

> [Petter Reinholdtsen]
> > Jeg ser forresten at Debian planlegger en videokonferanse og vurderer
> > ulike alternativer, sjekk ut
> > <URL:
> https://wiki.debian.org/DebianEvents/internet/2020/MiniDebConfOnline >
>
> Nå har de publisert endel interessante oppskrifter rundt bruk av jitsi på
> <URL:
> https://wiki.debian.org/DebianEvents/internet/2020/MiniDebConfOnline/Videos
> >
>
> Jeg savner tilbakemelding fra andre i videogruppa om hva vi i NUUG bør
> satse på.
>
> --
> Vennlig hilsen
> Petter Reinholdtsen
> _______________________________________________
> video mailing list
> video at nuug.no
> https://lists.nuug.no/mailman/listinfo/video
>


-- 
Beste helsing,
Odin Hørthe Omdal <odin.omdal at gmail.com>
English, technical: http://tech.velmont.net
Norsk, personleg: http://velmont.no
-------------- next part --------------
An HTML attachment was scrubbed...
URL: https://lists.nuug.no/pipermail/video/attachments/20200528/6afab9f2/attachment.htm 


More information about the video mailing list