[NUUG kart] Kommunegrenser lagt inn i OSM - OK?

Karl Ove Hufthammer karl at huftis.org
Fri Apr 2 11:33:21 CEST 2010


Måndag 22. mars 2010 skreiv Petter Reinholdtsen:
>Noen som har tips til hvordan jeg kan hente ut kun kommunegrensene som
>Shape-fil?  Skulle gjerne hatt noe å importere i fiksgatami.nuug.no.

Viss N5000 er godt nok, so ligg dei her:

http://www.statkart.no/IPS/filestore/N5000_landet_33_shape.zip

For å sjå nærare på dei, kan det vera greitt å gjera dei om til 
KML-formatet for vising i for eksempel Google Earth:

ogr2ogr -f KML -s_srs "EPSG:32633" -t_srs "+proj=longlat" \
        -dsco NameField=NAVN kommunar.kml fylk-kof.shp

Det vert nokre teiknkodingsproblem, sidan shapefilene ikkje er i UTF-8-format, 
men det er nok ikkje so vanskelig å retta. Og som du ser, er kommunegrensene 
her rimelig grove (men konsistente, etter det eg kan sjå).

For øvrig, iallfall eg må startar Google Earth med

LC_ALL=C googleearth

for at programmet skal lesa KML-fila rett. Elles vert det berre store firkantar 
i staden for meir detaljerte polygon. Eg tippar grunnen er at Google Earth då 
ikkje tolkar punktum i KML-formatet som desimalskiljeteikn (slik det *må* vera 
etter standarden).

-- 
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: karl at huftis.org


More information about the kart mailing list