[NUUG kart] OSM i Marble

Karl Ove Hufthammer karl at huftis.org
Wed Aug 11 19:23:08 CEST 2010


Eit lite tips til andre OSM-arar der ute.

KDE-programmet Marble har i siste versjon (som kom i går, som del av KDE 
SC 4.5) fått veldig fin støtte for OSM:

http://www.kdedevelopers.org/node/4306

Sjølv synest eg dette er meir behagelig (og raskare) å bruka til å sjå på OSM-
kart enn den offisielle OSM-sida er. Men det beste med denne nye versjon er 
støtte for ruteplanlegging – med drabare ruter.

Ein kan velja mellom bilmodus (raskaste eller kortaste veg), sykkelmodus og 
fotgjengarmodus, basert på OpenRouteService-data. Med fotgjengarmodus 
oppdaga eg i dag ein ny veg mellom heim og jobb, som eg ikkje var klar over 
fantest. :-)

Oppdaga òg nokre trapper som ikkje var lagde inn, som gjorde at ruta gjekk 
ein liten omvei. Dei skal eg få lagt inn! Det kan altso vera nyttig å bruka 
programmet til å sjekka at rutene vert slik ein forventar, og dermed om OSM-
dataa er gode nok.

For øvrig har programmet ein liten feil som gjer at det ikkje fungerer om ein 
kjører det på norsk. Det kan lett fiksast ved å starta programmet med for 
eksempel

LC_ALL=C marble

Eg har sjølvsagt meldt frå om feilen, og han vert trulig retta til neste 
versjon.

For dei som er kjent i Bergen, kan eg for øvrig nemna den kuriositeten at om 
ein vel to punkt kvar si side av Vågen, og brukar fotgjengarmodus, foreslår 
ruteplanleggaren ein liten tur med Beffen. Fornuftig, faktisk! :-D

Men om ein som fotgjengar vil opp på Fløyen, må ein nok gå heile vegen; ein 
får nemlig ikkje forslag om å ta Fløibanen …

Forresten nokon som anar korfor foreslått sykkeltur frå for eksempel Nordnes 
til Fløyen (eller Bergenhus festning) er ein kjempeomveg rundt Store 
Lungegårdsvann? Kan det vera «highway=primary» som blokkerer? Viss ein vil til 
Fløyen med bil, får ein for øvrig beskjed om kjøra gjennom Fløyfjellstunnelen. 
Ein kjem for so vidt rett plass når ein ser på lengde- og breiddegrad, men …

-- 
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: karl at huftis.org


More information about the kart mailing list