[NUUG kart] Noen spørsmål om tagging

Karl Ove Hufthammer karl at huftis.org
Sun Aug 22 18:37:17 CEST 2010


Hans Olav Skogstad skreiv:
> On Sun, 22 Aug 2010 17:24:21 +0200, Karl Ove Hufthammer <karl at huftis.org>
> wrote:
>
>> Denne synest eg er ein av dei få elementa som er *lett* å tagga i OSM.
>> Viss butikken er stor nok til å ha handlevogner (i motsetning til berre
>> handlekorger), er det ein «supermarket»; elles er det ein «convenience»
>> (merk skrivemåten!).
>
> Jeg ser det er dette wikien foreslår.
> Jeg rynker imidlertid litt på pannen av dette. Grunnen er at
> dagligvarebransjen i Norge består av mange mellomstore butikker.

Eg synest ikkje dette er problematisk. Det finst då nok av små butikkar
med berre handlekorger her i landet, og det finst nok av butikkar med
handlevogner i resten av verda, men som ikkje er ovstore samanlikna mied
norske. Og innanfor kvar av kategoriane er det stort spenn. Nokre
handlevognbutikkar har hundre forskjellig frukter, mens andre har tre. Me
prøver ikkje å detaljkartlegga alt.

Når ein på wikien for ein gong skyld omtrent ser ut til å ha komme fram
til ein definisjon folk er einige om, og er sopass klar at han kan
brukast, synest eg det er heilt unødvendig for oss å laga særdefinisjonar
som berre skal gjelda for Norge. Tagginga er jo meint å vera mest mulig
internasjonal (med enkelte naturlige tilpassingar etter nasjonal standard,
som for «highway»).

> Hvis det er dette vi går for, får vi shop=convenience kun for mini
> innvandrer butikken på hjørnet o.l,

Ja, og det vel greitt? Det finst nokre få «butikkar på hjørnet» (ikkje
berre innvandrarbutikkar!) med handlekorger og lite utval. Desse merker me
som «shop=convenience». Ein *kunne* sjølvsagt lagt til mange avgrensingar
på «shop=supermarket», eks. minimums kvadratmeterstørrelse, må ha
ferskvaredisk, må selja visse varetyper, men det hadde ikkje tilført
mykje, og hadde gjort tagging mykje meir komplisert. Og i tillegg hadde
Norge hadde ei anna tagging enn alle andre land.

I praksis vert vel desse taggane behandla likt av dei fleste program, og
personlig synest eg det kanskje er unødvendig med to ulike taggar. Men
sånn er no stoda.

-- 
Karl Ove Hufthammer



More information about the kart mailing list