[NUUG kart] Kartverket: "Gratiskartene enda bedre"

Karl Ove Hufthammer karl at huftis.org
Mon Sep 13 20:09:06 CEST 2010


Monday 13. September 2010 19.37.44 skreiv du:

>> Ja, den har eg lest før. Ganske artig projeksjon, men det spørst om han
>> ville slå an «blant folket». Det ein får er eit Norge som vert
>> *loddrett*, i staden for å gå på skrå mot høgre når ein går mot nord.
>> Ganske uvanlig måte å sjå landet på, men sjølvsagt like rett som ein
>> «nord opp»-projeksjon.
>
>Eg trur du har misforstått litt, det blir snudd tilbake igjen etterpå slik
>at nord er opp. Så det er ingen rotasjon i Norge.

OK, eg hugsa berre det fine bildet med Norge som loddrett (og dei litt rare 
«feil»projeksjonane på slutten av presentasjonen). Om ein etterpå dreiar det, 
vil det jo passa fint for eit norsk OSM-kart. Men det er kanskje ein fordel å 
bruka UTM sone 33 likevel, då ein lett kan (ønskja å) legga andre kart frå 
norske WMS-tenester oppå.

>> Sjølv er eg for øvrig ein sterk hatar av Mercator-verdskart! Og det er
>> mange av oss! :)
>
>Hat er jo eit så sterkt ord, missnøye passar bedre her. Atlasser bruker jo
>nesten aldri mercator. Det er ikkje naturlig å bruke mercator på eit
>begrensa område. På eit verdenskart derimot kan det vere den projeksjonen
>med minst problem.

Tvert imot, nesten; det er ein projeksjon med *store* problem *nettopp* for 
verdskart. Folk får eit heilt fordreid inntrykk av korleis verda er, av 
relative størrelsar, for eksempel mellom Europa og Afrika. Sjå for eksempel 
korleis Google presenterer verda:
http://maps.google.no/?ie=UTF8&ll=50.958427,7.382813&spn=122.290859,282.304687&z=2

Kva er størst av Grønland og Afrika? Dei ser omtrent like store ut, og litt 
større ut enn Sør-Amerika. I verkeligheita er Afrika 14 gongar (!) so stor som 
Grønland, og Sør-Amerika er 8 gongar so stor:

http://www.wolframalpha.com/input/?i=area+of+africa+%2F+area+of+greenland
http://www.wolframalpha.com/input/?i=area+of+south+america+%2F+area+of+greenland

Grunnen er at alt vert *ekstremt* forstørra når ein nærmar seg polområda:
http://en.wikipedia.org/wiki/File:Tissot_mercator.png
(Alle sirklane er geografisk sett identiske i form og størrelse.)

Eit rettare inntrykk av størrelsane får ein med Gall–Peters-projeksjonen:
http://analepsis.files.wordpress.com/2009/09/petersprojection-over.gif

Men den er jo ikkje so bra for Grønland, akkurat, då ting nært polane vert 
strekt aust–vest (men får rett areal). Og kartet ser rett og slett stygt ut, 
IMHO.

Min favoritt for verdskart er Winkel trippel, som er eit kjempefint kompromiss 
mellom riktig størrelse, riktig form og riktige vinklar:
http://en.wikipedia.org/wiki/Winkel_tripel_projection
Med den er liksom alt galt, samtidig som alt er *nesten* rett. ;-)

Men for norgeskart og sånt er UTM-projeksjonar o.l. utmerkte.

-- 
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: karl at huftis.org


More information about the kart mailing list