[NUUG kart] Kartverket: "Gratiskartene enda bedre"

Karl Ove Hufthammer karl at huftis.org
Wed Sep 15 17:05:11 CEST 2010


Monday 13. September 2010 skreiv Gnonthgol:
>Eine av dei beste projeksjonane for norge er Oblique mercator (+proj=omerc
>+lat_0=64 +lonc=12.3 +alpha=30 +k_0=0.9996). Dette er ein mercator
>projeksjon som plasserer Norge langs ekvator før projeksjonen blir
>gjennomført.

Berre for moro skyld har eg prøvd å laga eit norgeskart i denne projeksjonen, 
pluss UTM sone 30 til 36. Sjå på http://huftis.org/kritikk/kart/

Alle kartbilda er like breie, og området dei er teikna frå er identisk, i 
tydinga at dei punkta heilt nede til venstre og oppe til høgre er same 
geografiske posisjon på alle bilda. Det gjer eit godt bilde av kva som 
skjer med norgeskartet når ein byter UTM-sone for projeksjon.

Ser òg at forskjellen mellom UTM sone 33 eller sone 32 og den «beste» 
projeksjonen ikkje er fryktelig stor (men absolutt merkbar!). Visuelt sett ser 
den beste ut til å ligga mellom UTM sone 32 og UTM sone 33, sjølv om det 
matematisk sett sjølvsagt er meir komplisert.

-- 
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: karl at huftis.org


More information about the kart mailing list