[NUUG kart] Håndtering av GPS-spor til privat bruk

Tor Christian Tovslid tctovsli at gmail.com
Tue Feb 1 10:08:03 CET 2011


Hei,

Eg har gående eit lite "kartleggingsprosjekt" der eg kartlegger ein del
turer eg tek, og har planar om å legge alle desse GPS-spora på eit kart for
å sjå kor eg har vore siste tida.
Til dette har eg laga GPX-filer for kvar gong eg reisar på tur, og disse har
eg lagra på PC'en min.
Fram til no har eg bruka nettstaden EveryTrail for å få framstilt og
gruppert desse spora på ein fornuftig måte, men eg har møtt på ein liten
bakdel, som eg òg har sett på andre liknande tjenester, nemleg at lange spor
(inneholder ei stor mengde punkter), blir simplifisert slik at detaljnivået
synk.
Er det nokon som har tips på korleis eg kan nå mitt ultimate mål, men
framleis ikkje miste detaljane? Det ville òg vore fint å kunne oppbevare
GPS-spora der (som backup), noko som også er litt krunglete på EveryTrail
(der du kan laste ned pr. Trip, og ikke pr. spor).
Eg kan òg vere villig til å ha ein applikasjon på Linux som eg kan benytte
til å rendre desse spora på eit kart "the hard way", men det beste hadde
vore noko likt EveryTrail, bare med detaljnivå på større spor.

-- 
Mvh Tor Christian Tovslid
-------------- next part --------------
An HTML attachment was scrubbed...
URL: http://lists.nuug.no/pipermail/kart/attachments/20110201/07d23ab3/attachment.htm 


More information about the kart mailing list