[NUUG kart] Tettstedsgrenser

Guttorm Flatabø post at guttormflatabo.com
Mon Feb 21 12:26:35 CET 2011


2011/2/18 Vidar Gundersen <vibrog+osm at gmail.com>

> 2011/2/18 Guttorm Flatabø <post at guttormflatabo.com>:
>
> > Eg er som vanleg svært skeptisk til bruk av data som ikkje er eksplisitt
> > lisensiert.
>
> hvor mye mer trenger vi enn et skriftlig ja til at dataene er frigitt
> og kan brukes i OSM etter at de er gjort kjent med betingelsene som
> OSM databasen distribueres videre med; ODbL?
>

Det trengs i det minste skriftleg dokumentert at dataeigar kjenner
betingelsane som dei seier ja til. At du har vore i kontakt på telefon og
fortald om OSM er på ingen måte ein dokumentasjon på at den du har snakka
med faktisk har forstått, eller at å "frigi" er det same for SSB som det som
er nødvendig for OSM/ODbL-kompatibilitet.

Eg skjønar veldig godt problemet her, har sjølv spurt etter frigjeving, fått
ja, og så ikkje fått respons når eg har bede om eksplisitt aksept for
lisensiering. Kanskje det ikkje er så dumt å ta det stegvis, og få skikkeleg
dokumentasjon i etterkant dersom du er sikker på at dette kjem. Men viss
ikkje den kjem og SSB heller finn på noko slikt tøys som Trafikanten har med
CC-BY-NC+mange eigne tilleggbetingelsar får me mykje arbeid med å fjerne
mykje arbeid.

2011/2/20 Gustav Foseid <gustavf at gmail.com>

> 2011/2/19 Bjørn Kvisli <bjorn.kvisli at gmail.com>
>
>> Er det opplagt at SSBs definisjon av tettstedene hører hjemme på et kart?
>>
>
> Min oppfatning er at de ganske opplagt *ikke* hører hjemme på et kart.
>

Fordi dei berre er relevante for SSB? Det blir jo laga, og presentert
statistikk på bakgrunn av desse avgrensingane. Noko som er interessant å
kunne sjå på kart. Grenser for tettstader trur eg er interessant informasjon
i mange andre samanhengar også, særleg for å vite om grensenære område er
del av eine eller andre tettstaden.

Eg er einig i at området ikkje bør taggast som residential, men har tru på
at det høyrer heime i OSM.

--
Guttorm
-------------- next part --------------
An HTML attachment was scrubbed...
URL: http://lists.nuug.no/pipermail/kart/attachments/20110221/35d65b1d/attachment.htm 


More information about the kart mailing list