[NUUG kart] Vegar rundt parkar (og andre område )
Karl Ove Hufthammer
karl at huftis.org
Mon Mar 14 19:28:10 CET 2011
Laurdag 12. mars 2011 skreiv Vidar Gundersen:
>2011/3/12 Karl Ove Hufthammer <karl at huftis.org>:
>> Korleis gjer me det med vegar som omkransar parkar eller andre område i
>> OSM? Skal vegane og området dela nodar?
>
>andre tilfeller som ikke har så entydig overgang som en park mot en vei:
>for skog mot dyrket mark, eller bebyggelse mot skog mener jeg at
>det ikke bør deles noder: det vil ofte være en overgang på noen meter.
>større veier som motorveier har ofte stor grøft mellom veien og tilstøtende
>dyrket mark.
Har søkt litt på OSM-listene, og det ser ut til folket som vanlig er delt i
(minst) to leirar: dei som synest det er OK/bra/lurt å dela nodar, dei som
synest nodar aldri bør delast, og dei som synest det er OK av og til, og ikkje
OK i andre samanhenger.
Der dei som nokon gongar synest det er OK, er der vegen (veg, ev. med fortau)
ligg *rett ved* området, utan noko form stengsel mellom dei. Tilsvarande gjeld
overgang mellom to område (eks. mark til myr eller mark til skog). Her kan ein
i teorien få eit heildekkande «lappeteppe» over landområde. (Dette kan vera
fornuftig, sjølv om det i verkeligheita gjerne er glidande overgangar.)
Eg har vel no falle ned i «av og til»-leiren – det kjem an på samanhengen.
Dette med at utstrekninga av området vert bittelitt større enn den
faktiske/fysiske utstrekning verkar som eit blindspor. Me lagar jo ein
topologisk database, ikkje ei flyfoto-avbilding som vektorgrafikk. For
eksempel teiknar me ikkje av vegar som 2D-objekt; me lèt dei vera
éindimensjonale linjer (ev. med attributt som viser kor mange kjørefelt
det er, osv). Og i *andre* samanhenger vert jo arealobjekta berre rekna
som gjeldande der dei ikkje vert overlappa. For eksempel vil ein fylkesveg
over eit skogsområde indikera at det *ikkje* er skog der vegen går.
Tilsvarande tolking bør ein kunne bruka sjølv om vegen følgjer kanten av
området – området gjeld det fysiske polygonet, utanom der det vert
dekka av (den fysiske) vegen.
Når det gjeld redigering, vil det oppstå vanskar uansett kva ein vel. Viss ein
ikkje delar nodar, kan vegen og området som før var (og fysisk er) inntil
kvarandre plutselig komma frå kvarandre. Og viss dei delar nodar, kan ein
komma til å flytta området som eigentlig ikkje burde vera kopla saman. Eg har
opplevd begge problema ved redigering. Uansett er det problem me må leva med.
Og me må ikkje gløyma at for sluttresultatet, enten det er eit kart, ein
navigasjonsapplikasjon, eller noko heilt anna, har det gjerne ingenting å seia
kva løysing ein vel … :-)
--
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: karl at huftis.org
More information about the kart
mailing list