[NUUG kart] Forslag til tagging av dagligvarebutikkar

Bard Aase elzapp at elzapp.com
Mon Apr 23 11:56:33 CEST 2012


Merk at Rimi har et konsept som heter "miniRimi", som jeg da ville tagget
som "Convenience", Det gjelder også "ICA Nær".

2012/4/22 Karl Ove Hufthammer <karl at huftis.org>

> Eg har no laga eit nokolunde komplett forslag til korleis
> dagligvarebutikkar o.l. i Norge bør taggast i OSM. Kommentarar
> til dette, før eg legg det ut på wikien?
>
> Har òg tenkt på å ta kontakt med dei ulike kjedane og høra om det er
> mulig å få komplett butikkoversikt i maskinlesbart format, for
> importering i OSM.
>
>
> Forslaget:
>
> Dagligvarebutikkar kan i utgangspunktet taggast shop=supermarket eller
> shop=convenience. Norske dagligvarebutikkar er små samanlikna med
> butikkar i mange andre land, og det som der gjerne ville vore
> shop=convenience bør her taggast som shop=supermarket.
> Dagligvarebutikkar skal derfor i regelen skal taggast shop=supermarket,
> med unntak av Brustad-buer / svært små nærbutikkar med utvida
> opningstider, som bør taggast shop=convenience.
>
> Storkioskar som sel eit avgrensa utval dagligvarer, som mange
> 7-Eleven-butikkar, taggar me også shop=convenience. Merk at shop=kiosk
> er meint for tagging av *frittståande kioskar*, for eksempel midt på eit
> gatetorg, som gjerne sel aviser og blad, sigarettar og pølser, og altså
> er noko anna. Butikkar som hovudsaklig sel aviser og blad, som
> Narvesen-kioskar, taggar me shop=newsagent.
>
> For butikkar med post i butikk, legg me på amenity=post_office. Har dei
> òg tipping, legg me på lottery=yes. Korleis «bank i butikk» bør taggast
> er førebels ikkje klart.
>
> Namnet på butikken skal vera det fulle namnet, for eksempel Rimi
> Damsgård, ikkje berre Rimi. For å seia kva kjede butikken hører til,
> brukar me brand=*, for eksempel brand=Rimi.
>
> (Det finst også to alternative taggenøklar, operator=* og franchise=*.
> Men i praksis er det vanskelig å veta korleis desse skal brukast. Dei
> fleste kjedebutikkar vert drivne som franchise, men ikkje alle. For
> Bunnpris er for eksempel nokre butikkar franchisebutikkar
> (franchise=Bunnpris, operator=Jensen Mat AS), og andre Bunnpris-filialar
> (operator=Bunnpris). Det synest derfor som både tilstrekkelig og
> formålstenlig å berre halda oss til brand=*.
>
> Her er eksempel på korleis butikkar i dei ulike kjedene bør taggast. Det
> er sjølvsagt ikkje nødvendig å fylla ut all informasjon; butikktype,
> namn og kjede er det viktigaste (gateadressa er det minst viktige, sidan
> me alt har dei geografiske koordinatane …).
>
>
> SPAR
>
> Finn informasjon om kvar butikk på http://spar.no/. Merk at SPAR skal
> skrivast med store bokstavar.
>
> shop=supermarket
> name=SPAR Karensfryd
> brand=SPAR
> lottery=yes
> opening_hours=Mo-Fr 09:00-20:00; Sa 09:00-19:00
> addr:street=Frydenbølien
> addr:housenumber=17
> addr:postcode=5067
> addr:city=Bergen
> addr:country=NO
> website=http://spar.no/Finn-butikk/HORDALAND/SPAR-KARENSFRYD/
> --------
> contact:phone=+47 55342045
> contact:fax=+47 55343960
> contact:email=spar.karensfryd at ngbutikk.net
>
>
>
> EUROSPAR
>
> Same som for SPAR, men med brand=EUROSPAR.
>
>
>
> KIWI
>
> Finn informasjon om kvar butikk på http://kiwi.no/. Merk at KIWI skal
> skrivast med store bokstavar. Butikknummeret som står på nettsida set me
> som ref=, og har det ikkje med i name=.
>
> shop=supermarket
> name=KIWI Nøstet
> ref=881
> brand=KIWI
> lottery=yes
> opening_hours=Mo-Sa 07:00-23:00
> addr:street=Nøstegaten
> addr:housenumber=31
> addr:postcode=5011
> addr:city=Bergen
> addr:country=NO
> website=
> http://kiwi.no/Stottemeny/Butikker-og-apningstider/Hordaland/BERGEN/Kiwi-881-Nostet/
>
>
>
> REMA 1000
>
> Finn informasjon om kvar butikk på http://rema.no/. Merk at REMA skal
> skrivast med store bokstavar.
>
> shop=supermarket
> name=REMA 1000 Danmarksplass
> brand=REMA 1000
> opening_hours=Mo-Fr 07:00-23:00; Sa 08:00-21:00
> addr:street=Fjøsangerveien
> addr:housenumber=32c
> addr:postcode=5054
> addr:city=Bergen
> addr:country=NO
> website=http://butikk.rema.no/REMA+1000+Danmarksplass/370000
>
>
>
> Rimi
>
> Finn informasjon om kvar butikk på http://rimi.no/. Merk at Rimi, i
> motsetning til REMA, **ikkje* skal skrivast med store bokstavar. Her har
> ikkje kvar butikk si heimeside.
>
> shop=supermarket
> name=Rimi Damsgård
> brand=Rimi
> amenity=post_office
> lottery=yes
> opening_hours=Mo-Fr 07:00-23:00; Sa 08:00-21:00
> addr:street=Damsgårdsveien
> addr:housenumber=205
> addr:postcode=5162
> addr:city=Laksevåg
> addr:country=NO
>
>
>
> Bunnpris
>
> Finn informasjon om kvar butikk på http://bunnpris.no/.
>
> shop=supermarket
> name=Bunnpris Hjellestad
> brand=Bunnpris
> amenity=post_office
> opening_hours=Mo-Fr 08:00-22:00; Sa 08:00-22:00; Su 11:00-22:00
> addr:street=Hjellestadveien
> addr:housenumber=313
> addr:postcode=5259
> addr:city=Hjellestad
> addr:country=NO
>
>
>
> Joker
>
> Finn informasjon om kvar butikk på http://joker.no/.
>
> shop=supermarket
> name=Joker Sandviken
> brand=Joker
> opening_hours=Mo-Fr 09:00-22:00; Sa 09:00-20:00
> addr:street=Gjeble Pederssøns gate
> addr:housenumber=13
> addr:postcode=5034
> addr:city=Bergen
> addr:country=NO
> website=http://joker.no/Butikkene/HORDALAND/JOKER-SANDVIKEN/
>
>
>
> MENY
>
> Finn informasjon om kvar butikk på http://meny.no/. Merk at MENY skal
> skrivast med store bokstavar (sjølv om dei er litt inkonsekvente på
> heimesida …).
>
> shop=supermarket
> name=MENY Bergen Storsenter
> brand=MENY
> opening_hours=Mo-Fr 07:00-21:00; Sa 07:30-20:00
> addr:street=Strømsgaten
> addr:housenumber=8
> addr:postcode=5015
> addr:city=Bergen
> addr:country=NO
> website=http://meny.no/Info/Finn-din-butikk/MENY-Bergen-Storsenter/
>
>
>
> ICA
>
> Finn informasjon om kvar butikk på http://ica.no/. Merk at ICA skal
> skrivast med store bokstavar. Her har ikkje kvar butikk si heimeside.
>
> shop=supermarket
> name=ICA Supermarked Gullgruven
> brand=ICA
> opening_hours=Mo-Fr 09:00-21:00; Sa 09:00-19:00
> addr:street=Liamyrane
> addr:housenumber=1
> addr:postcode=5132
> addr:city=Nyborg
> addr:country=NO
>
>
>
> 7-Eleven
>
> Finn informasjon om kvar butikk på http://7-eleven.no/. Merk at det er
> stor E i 7-Eleven, og at butikkane skal taggast som shop=convenience.
> Her har ikkje kvar butikk si heimeside, og heimesida til kjeden har
> ikkje informasjon om opningstider.
>
> shop=convenience
> name=7-Eleven Engen
> brand=7-Eleven
> addr:street=Engen
> addr:housenumber=16
> addr:postcode=5011
> addr:city=Bergen
> addr:country=NO
>
>
>
> Narvesen
>
> Finn informasjon om kvar butikk på http://narvesen.no/. Her er det svært
> lite informasjon om kvar butikk. Me «lagar» namn ved å setja saman ordet
> «Narvesen» og namn-/bygningsinformasjonen som står på heimesida.
>
> shop=newsagent
> name=Narvesen Harbitzhjørnet
> brand=Narvesen
> addr:street=Torgallmenningen
> addr:housenumber=1a
> addr:postcode=5014
> addr:city=Bergen
> addr:country=NO
>
> --
> Karl Ove Hufthammer
> http://huftis.org/
> Jabber: karl at huftis.org
>
> _______________________________________________
> kart mailing list
> kart at nuug.no
> http://lists.nuug.no/mailman/listinfo/kart
>



-- 
mvh base (Bård Aase)
MSN: msn at elzapp.com
http://blog.elzapp.com
:wq
-------------- next part --------------
An HTML attachment was scrubbed...
URL: http://lists.nuug.no/pipermail/kart/attachments/20120423/47ece15b/attachment-0001.html 


More information about the kart mailing list