[NUUG kart] Forslag til tagging av dagligvarebutikkar

Kjell Arne Olsen kjarnol at gmail.com
Mon Apr 23 12:09:49 CEST 2012


MiniRimi har jeg ikke sett herover, men ICA Nær er så store butikker at de
nok er supermarket de også.

mvh
Kjell Arne

2012/4/23 Bard Aase <elzapp at elzapp.com>

> Merk at Rimi har et konsept som heter "miniRimi", som jeg da ville tagget
> som "Convenience", Det gjelder også "ICA Nær".
>
>
> 2012/4/22 Karl Ove Hufthammer <karl at huftis.org>
>
>> Eg har no laga eit nokolunde komplett forslag til korleis
>> dagligvarebutikkar o.l. i Norge bør taggast i OSM. Kommentarar
>> til dette, før eg legg det ut på wikien?
>>
>> Har òg tenkt på å ta kontakt med dei ulike kjedane og høra om det er
>> mulig å få komplett butikkoversikt i maskinlesbart format, for
>> importering i OSM.
>>
>>
>> Forslaget:
>>
>> Dagligvarebutikkar kan i utgangspunktet taggast shop=supermarket eller
>> shop=convenience. Norske dagligvarebutikkar er små samanlikna med
>> butikkar i mange andre land, og det som der gjerne ville vore
>> shop=convenience bør her taggast som shop=supermarket.
>> Dagligvarebutikkar skal derfor i regelen skal taggast shop=supermarket,
>> med unntak av Brustad-buer / svært små nærbutikkar med utvida
>> opningstider, som bør taggast shop=convenience.
>>
>> Storkioskar som sel eit avgrensa utval dagligvarer, som mange
>> 7-Eleven-butikkar, taggar me også shop=convenience. Merk at shop=kiosk
>> er meint for tagging av *frittståande kioskar*, for eksempel midt på eit
>> gatetorg, som gjerne sel aviser og blad, sigarettar og pølser, og altså
>> er noko anna. Butikkar som hovudsaklig sel aviser og blad, som
>> Narvesen-kioskar, taggar me shop=newsagent.
>>
>> For butikkar med post i butikk, legg me på amenity=post_office. Har dei
>> òg tipping, legg me på lottery=yes. Korleis «bank i butikk» bør taggast
>> er førebels ikkje klart.
>>
>> Namnet på butikken skal vera det fulle namnet, for eksempel Rimi
>> Damsgård, ikkje berre Rimi. For å seia kva kjede butikken hører til,
>> brukar me brand=*, for eksempel brand=Rimi.
>>
>> (Det finst også to alternative taggenøklar, operator=* og franchise=*.
>> Men i praksis er det vanskelig å veta korleis desse skal brukast. Dei
>> fleste kjedebutikkar vert drivne som franchise, men ikkje alle. For
>> Bunnpris er for eksempel nokre butikkar franchisebutikkar
>> (franchise=Bunnpris, operator=Jensen Mat AS), og andre Bunnpris-filialar
>> (operator=Bunnpris). Det synest derfor som både tilstrekkelig og
>> formålstenlig å berre halda oss til brand=*.
>>
>> Her er eksempel på korleis butikkar i dei ulike kjedene bør taggast. Det
>> er sjølvsagt ikkje nødvendig å fylla ut all informasjon; butikktype,
>> namn og kjede er det viktigaste (gateadressa er det minst viktige, sidan
>> me alt har dei geografiske koordinatane …).
>>
>>
>> SPAR
>>
>> Finn informasjon om kvar butikk på http://spar.no/. Merk at SPAR skal
>> skrivast med store bokstavar.
>>
>> shop=supermarket
>> name=SPAR Karensfryd
>> brand=SPAR
>> lottery=yes
>> opening_hours=Mo-Fr 09:00-20:00; Sa 09:00-19:00
>> addr:street=Frydenbølien
>> addr:housenumber=17
>> addr:postcode=5067
>> addr:city=Bergen
>> addr:country=NO
>> website=http://spar.no/Finn-butikk/HORDALAND/SPAR-KARENSFRYD/
>> --------
>> contact:phone=+47 55342045
>> contact:fax=+47 55343960
>> contact:email=spar.karensfryd at ngbutikk.net
>>
>>
>>
>> EUROSPAR
>>
>> Same som for SPAR, men med brand=EUROSPAR.
>>
>>
>>
>> KIWI
>>
>> Finn informasjon om kvar butikk på http://kiwi.no/. Merk at KIWI skal
>> skrivast med store bokstavar. Butikknummeret som står på nettsida set me
>> som ref=, og har det ikkje med i name=.
>>
>> shop=supermarket
>> name=KIWI Nøstet
>> ref=881
>> brand=KIWI
>> lottery=yes
>> opening_hours=Mo-Sa 07:00-23:00
>> addr:street=Nøstegaten
>> addr:housenumber=31
>> addr:postcode=5011
>> addr:city=Bergen
>> addr:country=NO
>> website=
>> http://kiwi.no/Stottemeny/Butikker-og-apningstider/Hordaland/BERGEN/Kiwi-881-Nostet/
>>
>>
>>
>> REMA 1000
>>
>> Finn informasjon om kvar butikk på http://rema.no/. Merk at REMA skal
>> skrivast med store bokstavar.
>>
>> shop=supermarket
>> name=REMA 1000 Danmarksplass
>> brand=REMA 1000
>> opening_hours=Mo-Fr 07:00-23:00; Sa 08:00-21:00
>> addr:street=Fjøsangerveien
>> addr:housenumber=32c
>> addr:postcode=5054
>> addr:city=Bergen
>> addr:country=NO
>> website=http://butikk.rema.no/REMA+1000+Danmarksplass/370000
>>
>>
>>
>> Rimi
>>
>> Finn informasjon om kvar butikk på http://rimi.no/. Merk at Rimi, i
>> motsetning til REMA, **ikkje* skal skrivast med store bokstavar. Her har
>> ikkje kvar butikk si heimeside.
>>
>> shop=supermarket
>> name=Rimi Damsgård
>> brand=Rimi
>> amenity=post_office
>> lottery=yes
>> opening_hours=Mo-Fr 07:00-23:00; Sa 08:00-21:00
>> addr:street=Damsgårdsveien
>> addr:housenumber=205
>> addr:postcode=5162
>> addr:city=Laksevåg
>> addr:country=NO
>>
>>
>>
>> Bunnpris
>>
>> Finn informasjon om kvar butikk på http://bunnpris.no/.
>>
>> shop=supermarket
>> name=Bunnpris Hjellestad
>> brand=Bunnpris
>> amenity=post_office
>> opening_hours=Mo-Fr 08:00-22:00; Sa 08:00-22:00; Su 11:00-22:00
>> addr:street=Hjellestadveien
>> addr:housenumber=313
>> addr:postcode=5259
>> addr:city=Hjellestad
>> addr:country=NO
>>
>>
>>
>> Joker
>>
>> Finn informasjon om kvar butikk på http://joker.no/.
>>
>> shop=supermarket
>> name=Joker Sandviken
>> brand=Joker
>> opening_hours=Mo-Fr 09:00-22:00; Sa 09:00-20:00
>> addr:street=Gjeble Pederssøns gate
>> addr:housenumber=13
>> addr:postcode=5034
>> addr:city=Bergen
>> addr:country=NO
>> website=http://joker.no/Butikkene/HORDALAND/JOKER-SANDVIKEN/
>>
>>
>>
>> MENY
>>
>> Finn informasjon om kvar butikk på http://meny.no/. Merk at MENY skal
>> skrivast med store bokstavar (sjølv om dei er litt inkonsekvente på
>> heimesida …).
>>
>> shop=supermarket
>> name=MENY Bergen Storsenter
>> brand=MENY
>> opening_hours=Mo-Fr 07:00-21:00; Sa 07:30-20:00
>> addr:street=Strømsgaten
>> addr:housenumber=8
>> addr:postcode=5015
>> addr:city=Bergen
>> addr:country=NO
>> website=http://meny.no/Info/Finn-din-butikk/MENY-Bergen-Storsenter/
>>
>>
>>
>> ICA
>>
>> Finn informasjon om kvar butikk på http://ica.no/. Merk at ICA skal
>> skrivast med store bokstavar. Her har ikkje kvar butikk si heimeside.
>>
>> shop=supermarket
>> name=ICA Supermarked Gullgruven
>> brand=ICA
>> opening_hours=Mo-Fr 09:00-21:00; Sa 09:00-19:00
>> addr:street=Liamyrane
>> addr:housenumber=1
>> addr:postcode=5132
>> addr:city=Nyborg
>> addr:country=NO
>>
>>
>>
>> 7-Eleven
>>
>> Finn informasjon om kvar butikk på http://7-eleven.no/. Merk at det er
>> stor E i 7-Eleven, og at butikkane skal taggast som shop=convenience.
>> Her har ikkje kvar butikk si heimeside, og heimesida til kjeden har
>> ikkje informasjon om opningstider.
>>
>> shop=convenience
>> name=7-Eleven Engen
>> brand=7-Eleven
>> addr:street=Engen
>> addr:housenumber=16
>> addr:postcode=5011
>> addr:city=Bergen
>> addr:country=NO
>>
>>
>>
>> Narvesen
>>
>> Finn informasjon om kvar butikk på http://narvesen.no/. Her er det svært
>> lite informasjon om kvar butikk. Me «lagar» namn ved å setja saman ordet
>> «Narvesen» og namn-/bygningsinformasjonen som står på heimesida.
>>
>> shop=newsagent
>> name=Narvesen Harbitzhjørnet
>> brand=Narvesen
>> addr:street=Torgallmenningen
>> addr:housenumber=1a
>> addr:postcode=5014
>> addr:city=Bergen
>> addr:country=NO
>>
>> --
>> Karl Ove Hufthammer
>> http://huftis.org/
>> Jabber: karl at huftis.org
>>
>> _______________________________________________
>> kart mailing list
>> kart at nuug.no
>> http://lists.nuug.no/mailman/listinfo/kart
>>
>
>
>
> --
> mvh base (Bård Aase)
> MSN: msn at elzapp.com
> http://blog.elzapp.com
> :wq
>
> _______________________________________________
> kart mailing list
> kart at nuug.no
> http://lists.nuug.no/mailman/listinfo/kart
>
>
-------------- next part --------------
An HTML attachment was scrubbed...
URL: http://lists.nuug.no/pipermail/kart/attachments/20120423/62fb3316/attachment.htm 


More information about the kart mailing list