[NUUG kart] N2000 kommunegrenser import

Gnonthgol gnonthgol at gmail.com
Sat Aug 4 14:07:40 CEST 2012


Som sikert alle fekk med seg så har kartverket gitt ut N2000 datasettet som CC BY. Dette er ein ganske forenkla versjon av kartet og har dårligare pressisjon enn OSM i heile Norge. Det einaste datasettet me kan importere er kommunegrensene sidan det ikkje finst nokon annan kjelde for desse enn kartverket. Forenklinga er sansynligvis gjort ved hjelp av Douglas–Peucker algoritmen som berre slettar nodar frå vegane, men flyttar dei ikkje. Dette betyr at me har 17693 nøyaktige punkt me veit kommunegrensa går gjennom.

Sist gong me importerte kommunegrensene var frå rasterkart av N5000. Me mista litt av nøyaktigheten ved å bruke rasterkart og det var ingen felles konto for importen og praksisen blei litt forskjellig rundt om.

Denne gongen fåreslår eg å bruke ein eigen import konto som berre nokre få har tilgang til. Importen kan framleis gjerast manuelt ettersom det er mange endringar på dei opprinlige grensene som kan ha bedre nøyaktighet enn N2000. Det er ingen grunn til å ikkje bruke oppatt vegane og relasjonane i den opprinlige importen og berre legge til fleire nodar på desse, eventuallt bruke oppat nodane også men berre flytta dei.

Skal me importere N2000 (eventuellt vente til dei slepper N1000 eller til retten bestemmer at kommunegrensene ikkje er beskytta av åndsverkloven)?

Nokon som har ein bedre måte å gjere dette på?

Kvar skal "source=Statens Kartverk N2000 2012" stå, endringsettet eller på alle nodane?

Når me har fått svar på dette kan me gå vidare å sende melding til import at openstreetmap.org og kartverket før me startar importen.

Gnonthgol


More information about the kart mailing list