[NUUG kart] Kart nord for 60 grader

Guttorm Flatabø post at guttormflatabo.com
Mon Aug 6 10:22:29 CEST 2012


Hei Knut, hyggjeleg at du brukar OSM på iPhone,

2012/8/5 Imap Knut <knut.breivegen at istorm.no>

> Er det planer om å lage kart nord for 60 grader nord i norge?  Er ivrig
> bruker av diverse iphone gps apper men dei som fungerer har dårlig med kart
> nord for 60 grader.
>

Som Petter skriv så dekkjer OpenStreetMap heile verda, frå pol til pol, men
ofte mange kart har høgdeskugge og koter frå det frie SRTM-datasettet som
uheldigvis berre går til 60 grader nord. Grunnen til at SRTM blir brukt er
at kvaliteten er bra og påliteleg, det er fritt utan begrensingar og
oppløysinga er bra. For 60 grader nord finst det ikkje noko tilsvarande, og
kartverket i Norge skal både ha betaling og begrensingar på bruk og
vidarebruk og er difor som regel heller ikkje noko godt alternativ.

Det finst to alternativ, Viewfinder Panorama sine datasett, og
ASTER-datasettet. Frikart.no brukar førsnemnde, medan turkompisen.no brukar
sistnemnde som truleg er det friaste av dei to. Uheldigvis er det ein del
område utan dekning i ("void" trur eg det blir kalla) i ASTER-datasettet,
noko ein kan sjå ein del av her i Sogn og Fjordane.

OpenStreetMap registrerar berre høgde over havet for enkelte punkt av
interesse (t.d. fjelltoppar) og det fell ikkje innanfor målet til
prosjektet å laga ei verdsdekkjande høgdesett.

Noko me kunne tenkje på var å lage eit alternativ til SRTM-karta som blir
brukt av ein del tenester med ASTER-datasettet. Espen som står bak
turkompisen.no er på denne lista, og har kanskje noko formeining om det(?)

--
Guttorm
-------------- next part --------------
An HTML attachment was scrubbed...
URL: http://lists.nuug.no/pipermail/kart/attachments/20120806/455f8d3e/attachment.htm 


More information about the kart mailing list