[NUUG kart] Turkompisen

Gnonthgol gnonthgol at gmail.com
Tue Jan 3 23:44:12 CET 2012


Den 3. jan. 2012 kl. 22.10 skrev Guttorm Flatabø:
> Viewfinder er vel problematisk fordi dataene ikkje er «reine» fordi han har brukt fleire ufrie kjelder og kjelder med noko ukjend status (russiske) til å forbetra dataane. I tillegg har han, slik eg hugsar det, ein heller uklar «lisens» på dataane («public domain», men ikkje om du skal tene mykje pengar på det).
> 
> Eg rota meg litt bort i denne problemstillinga no, og fann ut verdas beste GDEM truleg blir laga i desse dagar med data frå TanDEM-X (nokon burde overbevise dei om at verdas beste marknadsføring ville vere å gje bort ein lågoppløysingsversjon). At kommersielle DEMs ofte byggjer på russiske militære kart, og at det muligens er heilt greit og gratis.

Dei russiske karta er laga på ei tid då kopibeskyttelse ikkje var viktig. Det var det sovietiske kartverket som hadde kopibeskyttelsen og det er uklart kven som har det no. Dersom det er mulig å finne ut kven som har kopibeskyttelsen i dag er det uklart korleis dette kan bli handheva. Dei fleste meiner dei kan komme unda med å bruke dei, men er det moralsk forsvarlig?

Dei russiske militærkarta ein stor ressurs som burde kunne blitt brukt, og det er verdt å prøve å finne ut av det. Er det lov å bruke dei, ikkje berre til DEM men også til å forbetre kart?

Når det er sagt så ikkje bruk viewfinder på grunn av manglande kjeldeinformasjon. Det går ikkje an å verifisere at kjeldene er gyldige og framgangsmåten er ikkje dokumentert. Eg vert ikkje overaska dersom det viser seg at det er nokon som har kjøpt nokre komersielle DEM over heile verden for så å "massert" dei litt slik at ingen kjenner dei igjen.

Og når me først snakker om høgder, kvifor tar ikkje OSM databasen vare på høgdeinformasjonen i sporloggane?

Knut
-------------- next part --------------
An HTML attachment was scrubbed...
URL: http://lists.nuug.no/pipermail/kart/attachments/20120103/02b03b09/attachment-0001.htm 


More information about the kart mailing list