[NUUG kart] Turkompisen

Guttorm Flatabø post at guttormflatabo.com
Tue Jan 3 22:10:44 CET 2012


2012/1/3 Espen Isaksen <espen at espenpost.com>

> Takk Guttorm. Har prøvd å finne de eksemplene igjen og legge til lista
> her. Har du en link?


Sida eg lenkja <https://lpdaac.usgs.gov/products/aster_policies> til har
sitata eg la ut, men ein må trykka på «Click here for additional GDEM
redistribution information.» for å få sjå det.


> Sånn som jeg ser det er det ganske klart at du da kan bruke ASTER-dataene
> til ferdige kart sammen med f. eks. OSM data.
>

Slik tolkar eg det også, iallfall som eit separat lag. Dersom ein
kombinerar det med OSM-data i same flis, kan ein kanskje problematisera alt
det som det *ikkje* står noko om på NASA sine sider (opne lisensar bør vel
vera eksplisitte på ein del punkt).

Når det gjelder kvaliteten så er den definitivt ikke på topp. Jeg driver
> fortsatt og ser på det, men er ganske sikker på at det er bedre enn å ikke
> ha høydekurver. Og bedre enn SRTM til 60 grader nord, eller Viewfinder som
> jeg har forstått ikke kan brukes kommersielt?
>

Viewfinder er vel problematisk fordi dataene ikkje er «reine» fordi han har
brukt fleire ufrie kjelder og kjelder med noko ukjend status (russiske) til
å forbetra dataane. I tillegg har han, slik eg hugsar det, ein heller uklar
«lisens» på dataane («public domain», men ikkje om du skal tene mykje
pengar på det).

Eg rota meg litt bort i denne problemstillinga no, og fann ut verdas beste
GDEM truleg blir laga i desse dagar med data frå
TanDEM-X<http://www.astrium-geo.com/en/168-tandem-x-global-dem> (nokon
burde overbevise dei om at verdas beste marknadsføring ville vere å gje
bort ein lågoppløysingsversjon). At kommersielle DEMs ofte byggjer på russiske
militære kart <http://www.landinfo.com/GeoData%20Country%20pdfs/Norway.pdf>,
og at det muligens er heilt greit og
gratis<http://ccablog.blogspot.com/2005/11/soviet-topographic-maps.html>
.

Det ser også ut til at det er Aster 1 og 2 som er kommentert her. Andre har
> også sagt at kvaliteten her er dårlig. Men jeg har ikke sett at noen har
> sammenliknet det med ASTER3  som skal ha bedret kvaliteten.
>

Så vidt eg kan sjå så er det versjon 2 som vart sluppet i oktober 2011, har
det komme ein versjon 3 etter det?

--
Guttorm
-------------- next part --------------
An HTML attachment was scrubbed...
URL: http://lists.nuug.no/pipermail/kart/attachments/20120103/91d81d92/attachment.htm 


More information about the kart mailing list