[NUUG kart] Bing versus PGS versus GPS-spor

Guttorm Flatabø post at guttormflatabo.com
Tue Mar 27 13:22:05 CEST 2012


Eg skal til Selje å snakke om ope / fritt innhald i morgon, og vil difor
også komme innom OpenStreetMap.

I den samanheng såg eg at Bing no har beste oppløysing på akkurat Selje,
men at særleg kystlinja er mange meter feil i forhold til satelittfoto.
Vegane derimot er delvis heilt på linje med satellitt og delvis ein god del
meter feil, men som regel ikkje så mykje som kystlinja. Ut frå GPS-spora
som er tilgjengelege så ser det ut til at vegane er laga med utgangspunkt i
GPS-spor:
http://osm.org/go/0UqwoHXo--

Spørsmålet blir då kva kjelde me skal stola på? Det står i sjølve
PGS-taggen at den kan vere feil, Bing har ofte vore feil, men stemmer med
nokre av vegane. For meg ser det ut til at Bing truleg eg den beste kjelda
her, og truleg også betre enn GPS sidan eg reknar med at kvaliteten på
GPS-spor kan variera mykje meir enn det Bing-fotoa bør variere over eit
såpass lite område?

--
Guttorm
-------------- next part --------------
An HTML attachment was scrubbed...
URL: http://lists.nuug.no/pipermail/kart/attachments/20120327/c85af346/attachment.htm 


More information about the kart mailing list