[NUUG kart] Bing versus PGS versus GPS-spor

Gnonthgol gnonthgol at gmail.com
Tue Mar 27 13:58:26 CEST 2012


Den 27. mars 2012 kl. 13.22 skrev Guttorm Flatabø:

> Eg skal til Selje å snakke om ope / fritt innhald i morgon, og vil difor også komme innom OpenStreetMap.

Stilig.

> I den samanheng såg eg at Bing no har beste oppløysing på akkurat Selje, men at særleg kystlinja er mange meter feil i forhold til satelittfoto. Vegane derimot er delvis heilt på linje med satellitt og delvis ein god del meter feil, men som regel ikkje så mykje som kystlinja. Ut frå GPS-spora som er tilgjengelege så ser det ut til at vegane er laga med utgangspunkt i GPS-spor:
> http://osm.org/go/0UqwoHXo--
> 
> Spørsmålet blir då kva kjelde me skal stola på? Det står i sjølve PGS-taggen at den kan vere feil, Bing har ofte vore feil, men stemmer med nokre av vegane. For meg ser det ut til at Bing truleg eg den beste kjelda her, og truleg også betre enn GPS sidan eg reknar med at kvaliteten på GPS-spor kan variera mykje meir enn det Bing-fotoa bør variere over eit såpass lite område?

PGS kjem frå landsat, og her ser du at landsat ikkje stemmer med Bing eller gps spora med over 150m avvik. Gps spora er etter det eg kan sjå frå 2008, altså lenge etter at SA blei skrudd av. Bing er også ganske nøyaktig ved havnivå, men blir mindre nøyaktig jo meir kuppert det er. Samanliknar du gps sporet og bing ser du at det blir større avvik jo lenger opp du kjem, men dei stemmer ganske nøyaktig på kaia.

Så min analyse er at PGS er feil og bing har den rette kystlinja. Vegane er det gps sporet som har rett i.

Gnonthgol
-------------- next part --------------
An HTML attachment was scrubbed...
URL: http://lists.nuug.no/pipermail/kart/attachments/20120327/7465fe07/attachment.htm 


More information about the kart mailing list