[NUUG kart] Bing versus PGS versus GPS-spor

Karl Ove Hufthammer karl at huftis.org
Tue Mar 27 22:45:12 CEST 2012


ty. den 27. 03. 2012 klokka 13.22 (+0200) skreiv Guttorm Flatabø:
> 
> Spørsmålet blir då kva kjelde me skal stola på? Det står i sjølve
> PGS-taggen at den kan vere feil, Bing har ofte vore feil, men stemmer
> med nokre av vegane. For meg ser det ut til at Bing truleg eg den
> beste kjelda her, og truleg også betre enn GPS sidan eg reknar med at
> kvaliteten på GPS-spor kan variera mykje meir enn det Bing-fotoa bør
> variere over eit såpass lite område?

Bing-bilda er uansett såpass mykje meir *detaljert* enn Landsat, at eg
eigentlig synest ein i *utgangspunktet* bør bruka desse for kystlinjer.

Valet er rett og slett mellom ei *veldig grov* kystlinje med ukjent og
til dels veldig stor forskyving (PGS/Landsat), og ei veldig detaljert
kystlinje med for det meste (?) lita forskyving (Bing). Skulle ein
starta frå begynnelsen av no, hadde ein sjølvsagt brukt Bing som
grunnlag, ikkje Landsat, og det er ingen grunn til å halda oss til
dårligare datakjelder berre fordi dei er *gamle*. Meininga har jo heile
tida vore å erstatta dei med betre kjelder. Og Bing er ofte imponerande
bra.

For ein del «uutforska» område vil IMHO det beste vera å først teikna av
kystlinjer etter Bing, samla inn fleire gode GPS-spor av vegar i
området, og så *eventuelt* flytta litt på Bing-spora viss Bing-bilda har
systematiske forskyvingar i forhold til vegane.

Elles er det for dei aller fleste praktiske formål *heilt uvesentlig* om
kystlinjer er sjølv mange titals meter feil. (Men hadde me vore på den
engelske e-postlista no, hadde vel fleire ilt til med eksempel på
blinde, døvstumme rullestolbrukarar som utelukkande brukar OpenStreetMap
til nattlige vandringar langs høge klippekantar langs kysten … ;) )

For øvrig har Bing-bilda *minimalt* med forskyving eller forteikning på
kystlinja i det aktuelle området (eg sjekka med Kartverket sine kart
(som ein sjølvsagt aldri skal bruka som kjelde i OSM, heller ikkje til å
tilpassa Bing-bilda)).

-- 
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: karl at huftis.org



More information about the kart mailing list