[NUUG kart] Kartverket som kilde

Karl Ove Hufthammer karl at huftis.org
Thu Jul 4 21:36:54 CEST 2013


to. den 04. 07. 2013 klokka 19.15 (+0200) skreiv Karl Ove Hufthammer:
> Eg skal prøva å få sett på ei mogleg løysing i løpet av veka. I
> utgangspunktet har eg tenkt noko slikt:

Ei lita oppdatering: Har sett gjennom dei ulike objekttypane i SSR
(rundt 250 stykk), og prøver å kopla desse opp mot OSM-taggar.
Ser ut til at SSR nokon plassar er meir presis enn OSM, og nokon plassar
mindre presis. Det verkar òg noko tilfeldig kva som er valt i SSR på
forskjellige område der det bur folk (i OSM truleg village/hamlet/
suburb).

Og i ein del tilfelle finst det ikkje nokon «offisielle» OSM-taggar. Der
kan me eventuelt i første omgang la vera å importera, eller å berre
importera objektet med name="" og ID, utan å seia kva type objekt det
er. Synspunkt på kva som er best?

-- 
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: karl at huftis.org



More information about the kart mailing list