[NUUG kart] Vegdata fra kartverket

Karl Ove Hufthammer karl at huftis.org
Tue Aug 12 20:21:00 CEST 2014


ty. den 12. 08. 2014 klokka 07.38 (+0000) skreiv Sverre Didriksen:
> >> Fjernar alle addr:*-taggar (kanskje utanom addr:housename,
> >> men dette bør vel gjerne vera name i staden for, då me ikkje brukar
> >> husnamn i offisielle adresser i Noreg, så vidt eg veit).
>
> Bør vi ikke her også forsøke å beholde eksisterende data og bare
> oppdatere om det ikke er korrekt, slik vi gjør med andre objekter for
> å beholde historien? Eller gjør det jobben mye større og vanskeligere?

Det første du skriv er vanlegvis ein god idé. Men her er me einige om å
ha separate adressenodar. Og element som har addr:*-taggar i OSM frå før
er element (bygningar, vegar eller nodar) som også har andre taggar
(eks. amenity=supermarket).

Sidan me uansett skulle dela opp informasjonen i separate element (her
éin POI-node og éin adressenode), er det ingen historie som går tapt
(sidan OSM ikkje har ein «splitt»-
funksjon me kunne brukt for å ta vare på historien).

Og ja, det ville gjort jobben mykje større og vanskelegare. :)

-- 
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: karl at huftis.org



More information about the kart mailing list