[NUUG kart] WMS til N5000

Eirik U. Birkeland eirbir at gmail.com
Mon Feb 8 20:30:07 CET 2010


Gnonthgol <gnonthgol at gmail.com> skreiv:
> Eg har sett på det du har gjort og det ser lovande ut. Men det du må tenke på er at ein way
> er ei grense mellom to kommunar. Ein kommune rellasjon består av fleire grense ways. For
> eksempel har du ein way mellom Førde og Nausdal og ein annan mellom Nausdal og Flora.
> Begge desse er med i Nausdal relasjonen og med Førde og Flore relasjonane.

Ja, dette meiner eg at eg har gjort, om eg forstår deg rett. Eg har:
1. Oppretta grenser (dvs. «ways») for kvar av kommunane, med rette
taggar og felles plasseringar av punkta der grensene går saman.
2. Oppretta relasjonar for kvar av kommunane, med rette taggar.
3. Gjort kvar grense til medlem i kvar relasjon.

Men slik eg har forstått det, skal også alt innhald innanfor ei
kommunegrense også med i relasjonen, og det er det eg lurer på korleis
eg får til.

Mvh
Eirik

P.S. Desse kommunegrensene går utanfor den kystgrensa som er definert
for Noreg i http://www.openstreetmap.org/browse/way/44490551 bør den
endrast?


More information about the kart mailing list