[NUUG kart] WMS til N5000

Gnonthgol gnonthgol at gmail.com
Mon Feb 8 20:52:25 CET 2010


Den 8. feb. 2010 kl. 20.30 skrev Eirik U. Birkeland:

> Gnonthgol <gnonthgol at gmail.com> skreiv:
>> Eg har sett på det du har gjort og det ser lovande ut. Men det du må tenke på er at ein way
>> er ei grense mellom to kommunar. Ein kommune rellasjon består av fleire grense ways. For
>> eksempel har du ein way mellom Førde og Nausdal og ein annan mellom Nausdal og Flora.
>> Begge desse er med i Nausdal relasjonen og med Førde og Flore relasjonane.
> 
> Ja, dette meiner eg at eg har gjort, om eg forstår deg rett. Eg har:
> 1. Oppretta grenser (dvs. «ways») for kvar av kommunane, med rette
> taggar og felles plasseringar av punkta der grensene går saman.
> 2. Oppretta relasjonar for kvar av kommunane, med rette taggar.
> 3. Gjort kvar grense til medlem i kvar relasjon.
> 
> Men slik eg har forstått det, skal også alt innhald innanfor ei
> kommunegrense også med i relasjonen, og det er det eg lurer på korleis
> eg får til.
> 
> Mvh
> Eirik
> 
Ein kommune har fleire grenser. Ei grense er _mellom_ to kommunar. Du lagar ein way _mellom_ for eksempel Førde og Naustdal, denne vegen skal ikkje gå rundt nokon av kommunane. Relasjonen Naustdal skal ha fem medlemmer, ein for kvar nabokommune. Relasjonane Førde og Nausdal deler ein medlem, grensa mellom Førde og Nausdal.

Dersom du vil ha nokon eksempel kan du sjå på det eg har gjort i Hordaland.

> P.S. Desse kommunegrensene går utanfor den kystgrensa som er definert
> for Noreg i http://www.openstreetmap.org/browse/way/44490551 bør den
> endrast?

Den grensa som er teikna er berre teikna for å slutte relasjonen for Norge. Når me har fått bedre data kvittar me oss med den og brukar dei nye. No kan du berre tagge norskegrensa med admin_level=2 Me kjem til å fikse opp i det seinare.

Gnonthgol


More information about the kart mailing list