[NUUG kart] Landsdeler eller distrikter i OSM

Knut Karevoll kka049 at student.uib.no
Sat Feb 13 23:53:20 CET 2010


Dei som har vert litt overvåkne ser at eg har lagt inn admin_level=3  
på grensa rundt sørlandet og trøndelag. Dette er fordi det stod på http://wiki.openstreetmap.org/wiki/Tag:boundary%3Dadministrative 
  at admin_level=3 skulle brukast på landsdelar.

Sidan folk har reagert på dette tenkte eg at me burde hatt ein  
diskusjon om dei administrative inndelingane i Norge. Noko som ikkje  
har vert aktuellt før. Her er det også mulig å snakke med svenskene  
som har ein ganske lik inndeling som Norge, slik at kartet blir  
konsistent.

Landsdelar er konkret definerte og blir brukt i mange sammenhengar.  
For eksempel helseinndelingar. Landsdelar gjer seg også bra ut på  
europakartet. Men det er ikkje noko pollitisk inndeling av Norge.  
Spørsmålet er her om me skal legge inn landsdelar med admin_level=3  
eller ikkje.

Ein annan inndeling er distrikter. For alle som ikkje er heilt med er  
eit distrikt ei samling kommunar i same fylke, for eksempel Østerdalen  
eller Nordmøre.
Det er ingen konkrete definisjonar på distrikta. Det er vanleg at du  
har fleire inndelingar. For eksempel http://no.wikipedia.org/wiki/Troms#N.C3.A5v.C3.A6rende_inndelinger
Skal me legge inn distrikter? Kva admin_level skal det vere (5 eller  
6)? Kva deffinisjon på distrikt skal me bruke?

Gnonthgol


More information about the kart mailing list