[NUUG kart] WMS til N5000

Karl Ove Hufthammer karl at huftis.org
Tue Feb 16 21:31:00 CET 2010


Måndag 8. februar 2010 skreiv Gustav Foseid:
>> Kva i alle dagar meiner dei med det? Kva er ei parallell linje på
>> jordkloten (tilnærma ein ellipse)? Det finst vel rett og slett ikkje … ?
>
>Jeg mener det er snakk om geodetiske linjer med konstant avstand.

Det framgår av forskrifta at ein med rette linjer snakkar om geodetiske 
linjer, men geodetiske linjer vil vel nettopp *ikkje* ha konstant avstand.
Som eit ekstremt tilfelle, tenk på ei geodetisk linje frå ein plass på ekvator 
til nordpolen.

Logisk sett hadde det vel vore meir rimelig å definera 12-milsgrensa til å 
inkludera (nøyaktig) alle punkt der minsteavstanden til grunnlinja var på 
maks 12 nautiske mil.

>En del mer informasjon finner du her:
>http://www.statkart.no/nor/Land/Fagomrader/Grenser/Grenser_i_sjo/

Det var interessant lesnad. Om eg har forstått det rett, er det ein grei måte 
å gjera det på. Men det er litt pussig at avstanden ut til 12-milsgrensa 
enkelte plassa blir mindre enn 12 nautiske mil. :-)

>I OSM mener jeg det er udefinert hva som er den rette linja mellom to
>punkter.

Uff, det var synd. Det burde jo IMHO vera ei definert til ei geodetisk linje 
(etter WGS84). (Ikkje det at eg trur kartteikneprogrammet ville tatt omsyn til 
dette, all den tid forskjellen vanligvis ikkje ville vore synlig eingong.)

>Det kan også være verdt å merke seg, dersom man vil være
>pinlig nøyaktig, at offisielle kartdata i Norge er gitt i EUREF89,
>mens OSM bruker WGS84. På grunn av kontinentalplatedrift vil også
>dette bidra med noen centimeter feil.

Og «feilen» vert berre verre med tida. :-/

Får nesten vera glad GPS-ane våre ikkje er so nøyaktige at dette er noko 
problem (på ei god stund).

-- 
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: karl at huftis.org


More information about the kart mailing list