[NUUG kart] Ny kilde: Veglister

Gnonthgol gnonthgol at gmail.com
Fri Jul 16 22:53:39 CEST 2010


Eg såg etter ein fin rapport med veglengder frå NVDB for å sammenlikne med OSM. Det eg fann var bedre enn det. Vegvesenet slepper kvart år ut veglister med liste over alle offentlige veger i Norge til yrkessjåførar. Les meir på http://www.vegvesen.no/Kjoretoy/Yrkestransport/Veglister+og+dispensasjoner

Desse listene inneholder blandt anna vegnummer, lengde, totalvekt (maxweight=*) og makslengde (maxlength=*) for alle vegstrekningar som er motorveg, europaveg, riksveg, fylkesveg (skiltet og uskiltet) eller kommunevegar.

No tippar eg mange spør seg kva lisens dette er under og kva sansynlighet det er for å få bruke det i OSM. Tingen er at desse veglistene er gitt ut som forskrifter. For vegvesenet er dette kjekt fordi dei då kan peke på forskrifter når dei gir skulda til sjåføren, og for oss er dette kjekt fordi åndsverklova seier klart og tydlig at forskrifter ikkje er lisens på.

Det betyr at alle offentlige vegar i norge kan påførast maxweight=* og maxlength=* og ref=* HURRA!!

Dette vil gjere OSM meir lukrativt for produsentar av navigasjonstutstyr for tungtransport ettersom eg ikkje har sett desse dataa på nokon andre kart. (Er dei med i NVDB?)

Eg foreslår at me bruker "source=vegliste 2010" på changesetet (evt. 2009). Som ref er eg ikkje heilt sikker på korleis me skal tage kommunevegar. NVDB bruker "[k.nr] KV[vegnr]" men siden det er lett å sjå kva kommune det er i er kommunenummer unødvendig. "KV" burde også vere unødvendig når me ser dette ut fra highway tagen. For ikkje å forveksle med private vegar kan me sette "operator=[kommune] kommune" på vegane, men dette synest eg er litt for mykje i enkelte tilfeller.

Gnonthgol


More information about the kart mailing list