[NUUG kart] Bing foto

Karl Ove Hufthammer karl at huftis.org
Wed Apr 13 19:18:16 CEST 2011


Måndag 11. april 2011 skreiv Karl Ove Hufthammer:
>Bergen kommune har òg ei fin oversikt over offisiell skrivemåte for alle
>gater (mange gateskilt er for øvrig ikkje i samsvar med denne!). Om me skal
>komma med ein førespurnad, vil det vera fint om me kan be om denne i same
>slengen.

Er det for øvrig nokon som har synspunkt på korleis denne ev. kan brukast i 
praksis? Det beste har vore eit tillegg til JOSM (det anar eg ikkje korleis 
ein lagar), men ei nyttig løysing kunne kanskje òg vore ei enkel nettside med 
oversikt over feilskrivne vegnamn + forslag til rett namn.

For å generera forslaga meiner eg ein stavekontroll basert på Hunspell vil 
vera den beste løysinga. Eg har litt erfaring med utvikling av dette, og 
forslagsgeneratoren til Hunspell er *svært* god (om enn litt komplisert å laga 
til). Fordelen med denne er at me kan tilpassa han til typiske feil i vegnamn, 
eks. «veg» ↔ «vei», «lia» ↔ «lien», «smug» ↔ «smau», «sgt.» → «s gate».

-- 
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: karl at huftis.org


More information about the kart mailing list