[NUUG kart] Bing foto

Karl Ove Hufthammer karl at huftis.org
Mon Apr 11 19:47:48 CEST 2011


Måndag 11. april 2011 skreiv Gnonthgol:

>> Men om ein tok kontakt, kunne det jo henda dei ville vera *snille* og la
>> OSM bruka fotoa vederlagsfritt for *våre formål* (altso *ikkje* ei
>> generell fribruksavtale).
>
>Må nesten pressisere at me har alt me trenger bortsett fra tilatelse. Det er
>ikkje behov for dei å implementere noko ekstra.

Tja, stemmer det? Bilda på bergenskart.no ser ikkje ut til å vera tilgjengelig 
via ei vanlig WMS-teneste, men med litt spesielle URL-ar, og med overlagde vegar:

http://www.bergenskart.no/output/Flyfoto_webgis05343613162009.JPG?1302542907809

Bergen kommune har òg ei fin oversikt over offisiell skrivemåte for alle gater
(mange gateskilt er for øvrig *ikkje* i samsvar med denne!). Om me skal komma 
med ein førespurnad, vil det vera fint om me kan be om denne i same slengen.

Denne kan brukast til to ting:

1  Oppdaga feilskrivne vegnamn, og ev. gje forslag til rett namn.
2  Rekna ut kor komplett OSM faktisk *er* for Bergen, 
   dvs. kor stor prosentdel av vegane i lista som finst
   som vegar med «name=» i OSM.

>> I ein eventuell offisiell førespurnad kan det forresten vera greitt å
>> nemna andre som har gjort det same, eks. Microsoft/Bing:
>> http://www.bing.com/community/site_blogs/b/maps/archive/2010/11/23/bing-en
>> gages-open-maps-community.aspx
>
>Ta med Yahoo! og STRM. Nevn gode ting OSM har gjort som for eksempel Haiti,
>Gaza o.s.v. Prøv også å forklar korleis OSM er bedre enn andre kart ved at
>me tar med lokalkunnskap, omfattende stier, butikker og er rask ute med
>endringar.

Tja, for Bergen er vel ikkje OSM spesielt raskt ut med endringar (og for so vidt 
heller ikkje *veldig* komplett når det gjeld butikkar og andre fasilitetar).

-- 
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: karl at huftis.org


More information about the kart mailing list