[NUUG kart] Gatenavnlister (var Re: Bing foto)

Karl Ove Hufthammer karl at huftis.org
Wed Apr 13 21:36:23 CEST 2011


Onsdag 13. april 2011 skreiv Vidar Gundersen:
>> Er det for øvrig nokon som har synspunkt på korleis denne ev. kan brukast
>> i praksis?
>
>trekke ut highway=* for Bergen kommune og loope for å sjekke om alle
>er tilstede.

Ja, det har eg alt prøvd (for eit mindre område).

>Dag har brukt en slik liste for Fredrikstad.
>de fleste kommuner har søppeltømmingskalender som lister alle veinavn, så
>en god løsning her vil være veldig veldig gjenbrukbar. om ikke annet
>enn å telle opp hvor mange veier som er tegnet inn og navnsatt riktig.

Ja. Eg såg forresten ei OSM-sida for eit land som hadde noko tilsvarande 
statistikk, der ein tilsynelatande hadde fått tilgang til ei oversikt over 
alle offisielle vegnamn.

>> Det beste har vore eit tillegg til JOSM [..]
>> For å generera forslaga meiner eg ein stavekontroll basert på Hunspell vil
>> vera den beste løysinga.
>
>helt generelt er en Hunspell plugin til JOSM et godt forslag.
>begynn med å legge til et ønske på josm.openstreetmap.de ?!

Det skal eg tenka på. Det spørst kor generell denne kan/bør vera.

>> Eg har litt erfaring med utvikling av dette, og
>> forslagsgeneratoren til Hunspell er svært god (om enn litt komplisert å
>> laga til).
>
>du kan alternativt kjøre Hunspell stavekontroll på XML fila med
>uttrekket av veier i Bergen. og så diffe mot originalen. 

Tja, det vert visst litt meir komplisert, ser det ut til. Hunspell støttar 
«ord» med mellomrom, so den saka er grei. Men ved sjølve stavekontrollen 
splitter Hunspell slike «ord» opp i enkeltord, og det vil me ikkje. Hunspell 
*kan* settast til å tolka kvar linje i ei fil som eit ord (-w), men då får me 
ikkje forslaga, som var heile poenget med bruk av Hunspell. Løysinga vert 
trulig å bruka eitt eller anna Hunspell-bibliotek (Python, Perl, Java, …) der 
ein kan be om sjekking av enkeltord, som *forhåpentligvis* kan innehalda 
mellomrom.

-- 
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: karl at huftis.org


More information about the kart mailing list