[NUUG kart] Gatenavnlister (var Re: Bing foto)

Karl Ove Hufthammer karl at huftis.org
Sat Apr 16 18:04:13 CEST 2011


Laurdag 16. april 2011 skreiv Hans Olav Skogstad:
>>>  http://huftis.org/kritikk/storbergen.html
>
>Ikke dum den der.
>Hvordan er mulighetene for å få laget samme liste for hele Norge med
>kolonner for fylke og kommune, i (f.eks.) csv format?

Eg såg litt på dette, og det verkar som det faktisk er heller trivielt å henta 
ut polygon frå OSM-filer, ved bruk av Osmosis. Då kan me bruka N5000-kartet 
til å henta OSM-data for kvar kommune. Postadresseboka har òg kommuneinfo 
for kvar oppføring, so me kan avgrensa kontrollen til berre å gjelda OSM-vegar 
og EPAB-vegar for same kommune.

Trur dette skulle fungera rimelig bra for bykommunane. Falske positive vil 
komma av at N5000-kartet ikkje er so nøyaktig, at nokre vegar går over 
kommunegrensene, og at EPAB har ein del feilskrivne namn.

Viss det er nokon som har lyst til å prøva, er det berre å gå igang! (Eg ser 
no eg har under 300 MB ledig harddiskplass, so eg vil ikkje prøva meg på dette 
med det første. :-) )

-- 
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: karl at huftis.org


More information about the kart mailing list