[NUUG kart] Vegar rundt parkar (og andre område )

Karl Ove Hufthammer karl at huftis.org
Sat Mar 12 19:42:32 CET 2011


Korleis gjer me det med vegar som omkransar parkar eller andre område i OSM? 
Skal vegane og området dela nodar?

Eg har nettopp gjort nokre endringar i eit lite grøntområde i Bergen, og der 
var *delar* av området kopla til omkransande veg, mens delar var det ikkje 
(dei delane som ikkje var det følgte likvel vegen). Slik bør det vel iallfall 
ikkje vera.

Ved redigering er det absolutt ein fordel at dei delar nodar. Elles kan ein 
lett få eit område som kjem på feil side av vegen dersom ein ikkje passar på 
og flyttar begge objekta. Og topologisk er det jo fornuftig, so lengde dei 
faktisk er naboobjekt. Og på kartet ser det veldig fint ut.

Men eigentlig gjer det jo at det indre objektet vert hakket størret enn det 
er, sidan vegar skal teiknast rundt midtlinja i den fysiske vegen, mens 
området bør teiknast rundt ytterkanten.

So, kva meiner folket? Finst det kanskje alt retningslinjer for dette?

-- 
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: karl at huftis.org


More information about the kart mailing list