[NUUG kart] Historiske kart (ferdig versjon :)

Gnonthgol gnonthgol at gmail.com
Tue May 24 20:33:30 CEST 2011


Den 24. mai. 2011 kl. 17.12 skrev Edward Welbourne:
> Det er ikke viktig at de brukt tid eller penger: bare at de skapte noe
> nytt - en datafile, i stedet for noe blekk på papir - så er
> åndverksrettighetene deres og løper fra da de gjørt det.  Til å bruke
> de historiske kart må man beggynner med en kopi på papir, fra en gamle
> nok oppgave, som man *har* lov til å bruke.

Det å scanne inn eit bilde er det samme som å kopiere det. Å kopiere eit åndsverk er ikkje det samme som å skape eit nytt. Det betyr at det er lov å bruke dei gamle Amtskarta sjølv om kartverket har scanna dei inn og publiserer dei i eit anna format.

Det som er uklart for meg er om me kan bruke metainformasjonen som ligg i karta. Kartverket har ikkje berre scanna inn karta, dei har justert dei etter koordinatsystema som er i bruk i dag. Eg veit ikkje kor mykje arbeid kartverket har gjort eller kor mykje av det som stod på dei orginale karta. Det kan muligens vere dette som kartverket meiner er åndsverket som har rett til beskyttelse fra 2007.

Etter å ha sett litt på dei gamle amtskarta kan eg ikkje skryte av nøyaktigheten verken til dei orginale kartografane eller til kartverket sin geokoding. Eg ser at fjelltopper som både dei orginale kartografane og kartverket har brukt som trianguleringspunkt og som derfor burde vert ganske på samme stad kan skille med så mykje som 500m frå amtskarta og N50. Når du kjem til dalane er det tydlig at dei som teikna amtskarta hadde store problemer med å bedømme avstander. Mange stader finn eg óg teikn på at kartografane har heilt feiltolka lokalbefolkninga sine navngjevingar og til og med terenget med det resultat at det er lagt inn dalar der det ikkje er dalar med eit navn frå eit anna dalstrøk.

Ein kan argumentere at me ikkje bruker metainformasjonen og dermed berre det opprinlige åndsverket. Men uansett må eg advare litt mot å bruke dette datasettet dersom du ikkje kjenner området du teikner inn.

Gnonthgol


More information about the kart mailing list