[NUUG kart] Kartverkssjefen i Aftenposten

Gnonthgol gnonthgol at gmail.com
Thu Aug 23 18:18:56 CEST 2012


Den 23. aug. 2012 kl. 16.18 skrev Espen Isaksen:

> Nå er det jo også slik at Google maps faktisk bruker data fra
> Kartverket så forstod ikke helt hvorfor det var så utrolig ille i så
> fall.

Google maps bruker det dei betaler for, så dei har ikkje så veldig oppdaterte kart eller all informasjonen på dette kartet.

Til dømes har ikkje google kjøpt høgdedata frå kartverket men bruker billigere globale høgdedata med dårligare kvalitet. Dei har begrensa informasjon om fartsgrenser, vegkvalitet, makshøgder, sjøhinder, terengtype osv. som du har veldig lyst på i ein nødsituasjon.

Ein annan ting som er eg berre har sett hos kartverket og osm er stiar, hytter, leirplassar og så vidare som er veldig viktig å finne under leiteaksjonar. Dette er også informasjon som røde kors bruker kjentfolk til å finne og er derfor avhengig av at folk er kjent i området det leitast i. Dette er eksempel der innhenting av informasjon frå osm er veldig relevant.

Eit anna behov er offline kart. Dette er noko som kartverket har aktivt motarbeida. Eg finn ikkje referansa no men eg meiner å hugse at norsk radio rele liga spurte kartverket om dei kunne laste ned tiles til bruk i nødsituasjonar der det er dårlig tilgang på kommunikasjon. Der fekk dei blankt avslag. Gratis, fritt og godt kart er svert viktig både for mannskap, vitner og offer dersom det oppstår ein situasjon. Og då hjelper det lite at du kan kjøpe cdar med gode kart over norge frå kartverket til ~5000kr som du kan laste over i enkelte gpsar før du reiser ut på tur. Sjer det noko må du ha kart tilgjenglig der og da. I praksis betyr dette på mobiltelefon, laptop eller nettbrett og ofte med dårlig internett forbindelse må du ha dataa lagra offline, eller på ein kommandobil med wlan utstyr.

Gnonthgol


More information about the kart mailing list