[NUUG kart] tagging av nedlagte husmannsplasser i OSM

Guttorm Flatabø post at guttormflatabo.com
Sat May 19 12:07:16 CEST 2012


2012/5/19 Snorre Øverbø <snorre at overbo.no>

> Her er en liten og foreløpig oppsummering av "husmannsplass-relaterte"
> tagger, slik jeg tenker det nå. Kommentarer?
>

Ser veldig bra ut, eg har berre ein kommentar.


> Utslått/jorde:
> landuse=meadow
> meadow=transitional
> note=NO_class:setervoll
>

Eg har sett denne føreslått også, men skjønar ikkje heilt poenget. Eg
tykkjer ikkje note-taggen skal brukast til ein slags kvasi-tagging, som er
det det ser ut som for meg. Ellers er vel heller ikkje ein husmannsplass
ein setervoll. Setervoll er for stølar og kan til ein viss grad
spesifiserast med eksisterande farm/agricultural/landuse/meadow og
seasonal=summer (eller "spring" for vårstøl).

Historikk:
>
> wikipedia=language:*
>

Du meinar vel:
wikipedia:[lang]=*
t.d.:
wikipedia:nn=http://nn.wikipedia.org/wiki/Dal_husmannsplass

Merk at du skal lenkje til "primærspråket" om emnet på Wikipedia og treng
då ikkje spesifisere språk sidan det går fram av Wikipedia-lenkja.
Data-brukarar kan finna fram til andre språk ved hjelp av Wikipedia sine
interwiki-lenkjer, og det er berre nødvendig å spesifisere språk til
artiklar på Wikipedia som ikkje er lenkja til med interwiki-lenkjer.


> [alt.:]
>

?


> [1]: Hva tenker dere om en tag som dette? abandoned_year=* ? Den kunne
> være nyttig bla for bruk i skoleverket og hos historieinteresserte...
> Alternativt bruke info i tag'en under.
>

Eg tykkjer det er bra.


--
Guttorm
-------------- next part --------------
An HTML attachment was scrubbed...
URL: http://lists.nuug.no/pipermail/kart/attachments/20120519/0da2f541/attachment.htm 


More information about the kart mailing list