[NUUG kart] Kartverket som kilde

Karl Ove Hufthammer karl at huftis.org
Fri Jul 5 21:03:38 CEST 2013


fr. den 05. 07. 2013 klokka 06.19 (+0000) skreiv Thomas Hirsch:
> Jeg har som nevnt brukt source:name=Kartverket på de elementene jeg
> endret. http://wiki.openstreetmap.org/wiki/Tag:source%3DKartverket
> 
> Og
> source_ref=http://faktaark.statkart.no/SSRFakta/faktaarkfraobjektid?enhet=ssrid som LOD-tagg for å endre/kunne spore endringer etter hvert.

Det bør ikkje importerast meir før me har gjennomdiskutert korleis det
bør importerast (òg på den offisielle import-lista), og korleis dei
ulike SSR-objekta bør taggast og identifiserast (og vedlikeheldast). OSM
er (med rette) ganske strenge på at importretningslinjene vert følgde:
http://wiki.openstreetmap.org/wiki/Import

Eg foreslår at me brukar prefikset «no-kartverket-ssr» for
SSR-spesifikke ID-ar. ID-en bør vera ssrObjId og ikkje ssrId, 
då det er førstnemnte som identifiserer det objektet me
er interessert i (som kan ha fleire offisielle namn, og dermed
fleire ssrID-ar).

Eitt problem er at faktaark-tenesta ikkje støttar ssrObjId, berre
ssrId. Og det er ein fordel om source:name kan visa til ei slik
nettsida. Her kan me eventuelt bruka første aktuelle ssrId.

Så gjeld det kva namn me skal ha med. Eg foreslår at me brukar
dei merkte som V, G, S og P, jf.
http://www.statkart.no/kart/stedsnavn/sentralt-stadnamnregister-ssr/saksbehandlingsstatus-for-skrivematen/
Dei tre første er sjølvsagde, men eg ser ingen grunn til at P ikkje skal
vera med; det er eit namn så godt som noko.

Ofte finste det fleire (til dels *mange*) offisielle namneformer.
Eg foreslår at me legg den med sist godkjenningsdato som name og den med
nest siste godkjenningsdato som alt_name. Det same gjeld utanlandske
variantar.

Når eitt objekt har fleire geografiske posisisjonar knytte til seg,
foreslår at me brukar gjennomsnittsposisjon (rekna ut som snittet av
lengde- og breiddegrad, utan nokon projeksjon). Punkta ligg oftast
svært nære. I praksis vert jo posisjonen også tilpassa i OSM.

Oversikta over forslag til tagging nedanfor var nyttig. Eg har begynt på
ei tilsvarande oversikt, med litt meir informasjon, som frekvens av kvar
kode i SSR og den offisielle skildringa (eks. for «Vidde»:
«Høyereliggende, større område uten skog med lave terrengvariasjoner
innenfor området. Eks. Valdresflye, Hardangervidda, Finnmarksvidda,
Laksefjordvidda»). Denne har eg lagra i reknearkformat (ODS/CSV).
Korleis bør me fletta desse saman. Eg kan eventuelt legga ut oversikta
mi i CSV format på ein offentleg plass (er det GitHub som er populært no
for tida?).
> 
>   1:  ("node", "natural=peak"),   # berg - massif?
> 
>   2:  ("node", "natural=peak"),   # fjell - massif?
[…]

-- 
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: karl at huftis.org



More information about the kart mailing list