[NUUG kart] Sentralt Stedsnavnregister
Karl Ove Hufthammer
karl at huftis.org
Sun Jun 16 13:32:07 CEST 2013
su. den 16. 06. 2013 klokka 13.15 (+0200) skreiv Karl Ove Hufthammer:
> Det er mogleg dette også løyser dette problemet:
>
> > – Det finst duplikatnamn, der altså same plass har fått ulike
> > ID-ar *og* posisjonar. Dette gjaldt visst spesielt samiske namn.
> > (Trur Porsangerfjorden var eit slikt eksempel.)
Nei, det gjer det ikkje. Sjå for eksempel Sukidalen (med enh_ssrobj_id
lik 323857), som har tre forskjellige koordinatar:
skr_snskrstat enh_snspraak enh_ssr_id enh_snavn coordinates1 coordinates2
V SN 325093 Luovttejohleahki 28.28026 70.25896
G NO 766829 Luftjokdalen 28.28026 70.25897
G NO 766831 Sukidalen 28.41703 70.21562
Det er òg vert å merka seg at plassen har *to* offisielle norske namn.
Eg trudde ikkje det skulle vera mogleg/lovleg, men det er visst det.
Stemmer iallfall med
http://faktaark.statkart.no/SSRFakta/faktaarkfraobjektid?enhet=325093
Men korleis skal me eventuelt handtera dette i OSM?
--
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: karl at huftis.org
More information about the kart
mailing list