[NUUG kart] Sentralt Stedsnavnregister

Karl Ove Hufthammer karl at huftis.org
Sun Jun 16 20:31:37 CEST 2013


su. den 16. 06. 2013 klokka 17.53 (+0000) skreiv Thomas Hirsch:
> CC-lisensen tillater ikke noe innsnevring som er i strid med selve
> lisensen.

For det første er teksten ei presisering (av «Du skal navngi
opphavspersonen og/eller lisensgiveren på den måte som disse 
angir»), ikkje ei *endring* av lisensen.

For det andre har me då full avtalerett her i landet, og
ein kan sjølvsagt tilby data ein har rettane til under
vilkår som er lik CC både pluss eller minus ekstravilkår.

> Presiseringen som står på hjemmesiden oppfatter jeg som en forklaring
> som i de fleste tilfelle er riktig,

Dette hørest juridisk svært tvilsamt ut. For øvrig kom me vel fram til
at SSR hadde databasevern, ikkje opphavsvern. CC-lisensen hadde då berre
den effekten at Kartverket fråsa seg databaserettane. Og igjen står
me berre med retten til namngjeving, og det er vilkåra for dette
som står på kartverksida, og som er så strenge at iallfall eg oppfattar
at dataa dessverre ikkje kan brukast i OSM.

> Jeg ser ikke noe poeng med å anse det som onde intensjoner.

Ikkje eg heller. Det er heilt irrelevant kva intensjonane er eller
ikkje er; det er resultatet som er så svært uheldig.

> Vet dere om det skjer noe fortløpende geosynkronisering i andre
> områder - f.eks. Vegvesenets API eller Ruter eller i andre land?

Kjenner til noko i Norge. Men internasjonalt vert det vel gjort slikt
(utan at eg har oversikt).
> 
> Kartverkets kart og -tjenestene bruker faktisk navn som er plassert på
> hånd av kartografene - dermed er den out of sync med de siste
> endringene.

Ja, både namn og posisjon er forskjellig frå norgeskartet og SSR.
Faktisk kan norgeskartet visa forskjellige namn og plasseringar for
same objekt for ulike målestokkar (men når det gjeld posisjon,
kan sjølvsagt dette vera fornuftig).

> Jeg synes det er absolutt positivt hvis OSM viser mer korrekte
> navn. :D ...skaper kanskje litt sunn konkurransepress da. ;) 

Ja, eg skulle svært mykje ønskja me kunne bruka SSR i OSM.

-- 
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: karl at huftis.org



More information about the kart mailing list