[NUUG kart] Forenkling av GPX-spor

Karl Ove Hufthammer karl at huftis.org
Sun Mar 3 16:18:16 CET 2013


Hei!

Før har eg brukt auto-funksjonen for lagring av GPS-spor på Garmin-en
min, med alt sett til høgste nivå. Det funkar bra, men av og til er det
greitt med høgare oppløysing, og i det siste har eg brukt lagring med
1 sekunds mellomrom. Men dette fører igjen til altfor detaljerte spor,
som er lite eigna til opplasting til OSM. Så eg har behov for forenkling
av spora.

Kva er det beste verktøyet for dette? Naiv forenkling, som berre fjernar
kvart n-te punkt, eller punkt som er x meter frå kvarandre, er ikkje bra
nok, synest eg. Viss det er mykje «som skjer» på ei strekning, for
eksempel der ein følgjer ein lang, slak sving, bør det vera mange punkt,
mens på strekningar som er relativt rette, kan det vera få. Finst det
eit program som tar omsyn til slikt? Kva program brukar de andre?

Eg brukar for øvrig Linux (men kjøra dei fleste Windows-program gjennom
Wine).

-- 
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: karl at huftis.org



More information about the kart mailing list